🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om forslag til lov om besøksbidrag

Aurland kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 16.12.2024 Svartype: Med merknad Høyringsinnspel frå Aurland kommune til «høring om forslag til lov om besøksbidrag» samrøystes vedteke i kommunestyremøtet den 12.12.2024. Samandrag: Aurland kommune er positive til at regjeringa kjem med eit framlegg til besøksbidrag, dette er noko Aurland har jobba med og mot sidan 2018. Me er ein av dei største reiselivskommunane på Vestlandet og i Noreg. Me har mange gjester som er i kommunen i ein (1) dag. Altså dagsreisande. Forslaget om å legge besøksbidraget på overnatting vil derfor ikkje treffe for ein kommune som Aurland. Me har heile vegen jobba mot at Aurland og Nærøyfjordområdet verdsarvområde skal bli pilot for utprøving av dynamiske besøksbidrag for dagsbesøkande i UNESCO verdsarvkommunane og eventuelt tilgrensande område. Det er viktig at innføring av besøksbidrag vert gjort på ein slik måte at ein også kan ha ein regulerande/styrande effekt på turiststraumen, og at det treff mykje breiare enn det som det blir lagt opp til frå regjeringa. Ein må freista å gå tilbake til det som var grunnlaget for at ein starta å sjå på dette; det var at ein såg at enkelte område hadde eit stort press og hadde eit behov for tiltak for å ivareta både besøkande og lokale innbyggjarar. Den ordninga som regjeringa her legg fram freistar å løyse eit lokalt problem med ei nasjonal løysing. Då fryktar me at det blir lite treffsikkert i forhald til dei lokale problema. Konklusjon: Aurland kommunestyre ser det ikkje som tenleg å innføre besøksbidrag i Aurland slik framlegget frå regjeringa er no, og kjem av den grunn heller ikkje til å nytte seg av denne mogelegheita om den blir vedtatt. Aurland kommunestyre er framleis positive og ynskjer å vere ein pilot for utprøving av dynamiske besøksbidrag, av typen «Venezia-modell». Me ber om at det vert opna for ei ordning/pilottesting for utprøving av dynamiske besøksbidrag i Aurland/UNESCO vestnorsk Fjordlandskap. - Aurland kommune har i dag 1823 innbyggjarar, me har ein positiv folketalsutvikling og har hatt det dei siste 10 åra. Mykje av dette kan tilskrivast reiselivsnæringa og utviklinga me har hatt innan den næringa dei siste 25-30 åra. Me er ein av dei største reiselivskommunane på Vestlandet og i Noreg. Den største delen av dei besøkande er berre i kommunen i èin (1) dag. Ein ser no at det er behov for tiltak som både styrar dei besøkande, og legg til rett for eit godt opphald for dei besøkande. Samtidig er det små lokalsamfunn som skal fungere og trivast, så ein må legge til rette for innbyggjarane også. Aurland har løyst dette gjennom Aurland Hamnevesen KF, der dei tek ein god del av oppgåvene knytt til Flåm Hamn og kringliggande område. Så me brukar med andre ord ein del av overskotet frå hamna til å utføra tiltak knytt til toalett, rydding og tilrettelegging for dei besøkande. Så her har me ei ordning som tek opp i seg eit avgrensa geografisk område knytt til hamna. Behovet for Aurland ligg der hamna ikkje kan ta seg av desse oppgåvene. Me vil påpeika at det er viktig at ein no ser heile bilete under eitt og ikkje seier at me skal sjå på cruise seinare. Skal ein få ei velfungerande ordning må ein sjå det totale bilete. I Aurland er det eit kritisk behov for ei ordning som kan gi nok ressursar til etablering, utvikling og drift av infrastruktur som har betydning for både tilreisande og innbyggjarar, og som samtidig kan bidra til dynamisk besøksstyring i periodar med stort press frå besøkande. Det finst ikkje gode nok løysingar for fellesgodefinansiering, drift og besøksstyring i sårbare natur- og kulturområde i dag. Det er berre rundt 20–40 % av alle besøkande i verdsarvkommunane som overnattar lokalt på hotell, hytte/camping eller privat overnatting/Airbnb. Cruiseturistane utgjer inntil 20 % av det totale talet på besøkande. Resten av besøka kjem frå dagsbesøkande, og innkrevjing av parkeringsavgifter som er nemnd i høyringsnotatet kan berre nyttast som besøksregulerande verkemiddel nokre få stader på reisemåla. Ei digital løysing basert på «Venezia-modellen» kan vere aktuell, der ein utarbeider ein variant med tilgang både via nettside og applikasjon. Ei slik løysing kan dekkje alle besøkande, uavhengig av overnattings- og transportform, i tillegg til at ho kan bidra til besøksstyring og ei digital løysing for besøksforvalting i sanntid. Modellen bør ta innover seg spesielt to forhald; Betaling av besøksbidrag frå både dagsbesøkande og besøkande som oppheld seg på reisemålet over fleire dagar. Dei som er her over fleire dagar må belønnast. Besøksstyring ved dynamisk prising avhengig av både tidspunkt på døgnet og på utvalde dagar («rushtids-prinsippet»). Betaling: Kontrollar kan utførast ved stikkprøver frå parkeringsvakter eller ha som krav at man viser fram eller skannar for å få tilgang til attraksjonar, overnatting og transport. Lokalbefolkninga i kommunen(e) og regionen, varetransport, pendlarar, forretningsreisande m.m. har unntak for betaling. Det bør vere ein rabatt som «belønnar» opphald over fleire dagar, og det må vere mogleg å bøteleggje eller ha ein fast høg sats for dei som ikkje har betalt – t.d. NOK 1.000 per person. Besøksstyring: Dynamisk prising kan bidra til insentiv for å besøke stadene utanom dei mest travle tidspunkta på dagen og dagane i løpet av sesongen – slik ein allereie er vant med frå t.d. hotellprisar, flyprisar og rushtids-avgifter. Ein jobbar mot mest mogeleg heilårsturisme og jobbar knallhardt med å få gjester i vintermånadane, då må me legge til rett for det utan å krevje inn besøksbidrag dei månadane. Bruken av midlane Midlane skal leggje til rette for fellesgode, verne om natur- og kulturverdiar og tiltak som gir lokalsamfunna og næringslivet eit godt utgangspunkt for heilårleg berekraftig utvikling, og som kjem gjestene direkte eller indirekte til gode. Dette omfattar: - Fysisk infrastruktur som t.d. toalett, søppelhandsaming, tilrettelegging av naturområde m.m., inkludert infrastruktur knytt til samfunnsutvikling og busetjing. - Ivaretaking og formidling av natur- og kulturverdiar – inkludert fysiske og digitale informasjonstiltak og tiltak knytt til berekraftig besøksforvalting. - Stimulering til berekraftig og heilårleg samfunnsutvikling med indirekte effekt for den besøkande – t.d. ved å gjere reisemålet meir attraktivt for besøkande og fastbuande heile året. - Det vil vere lokale/regionalt tilpassa forskjellar og utfordringar, men det bør knytast klare føringar til pilotane. Løysinga må gi tilstrekkelege midlar til etablering, utvikling og drift av infrastruktur som har verknad for både tilreisande og innbyggjarar. Nærings- og fiskeridepartementet Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"