Punkt 2: Dekning av utgiftar til spesialundervisning i friskular
Vi stiller oss positive til departementet sitt forslag i punkt 2.4. Dette vil vere med å klargjere regelverket for dei partar det gjeld.
Vi har i tillegg følgjande kommentar til denne delen av høyringa: Det er pr. i dag rom for vertskommunar og friskular å gjere gode avtalar og vere proaktive i dette arbeidet innanfor det regelverket som allereie ligg til grunn. Og for dei vertskommunane og friskulane som i dag lukkast godt med dette vil ikkje presiseringa bety så mykje. Departementet nemner i sine vurderingar under pkt. 2.3.1 den grunnleggjande ulikskapen mellom korleis utgiftene til spesialundervisning for elevar i friskular og dei andre utgiftane knytta til opplæringa av dei same elevane vert finansiert/dekt inn. Denne ulikskapen er for oss noko av kjernen i desse utfordringane, men vi er sjølvsagt ikkje der at vi meiner at det finst nokon «quick fix» eller enkle løysingar på dette. Vi trur at det ofte er ein dissonans mellom vertskommunar og friskular grunna delegeringa mellom kven som fattar enkeltvedtak og kven som skal utføre enkeltvedtaket. Vi meiner ein bør ta ein skikkeleg gjennomgang av denne delen av regelverket for å sjå om det er hensiktsmessig å gjere endringar i §3-6 i friskulelova med tanke på kven som fattar enkeltvedtak om spesialundervisning og kven som dekkjer utgiftene til slik undervisning. Om ein skal presisere moglegheiten for delegering av vedtaksmynde eller om ein bør overføre vedtaksmynde til friskulane i sakar om spesialundervisning er noko som vi meiner må vurderast. Av dei pliktene kommunane har overfor elevar i friskular er dette den plikten som i størst grad avvik frå den kompetansen ein kan forvente at kommunen har, då friskular (og då i særleg grad dei med godkjenning for drift etter alternativ pedagogikk) har ein anna organisering og pedagogisk grunnlag for å vurdere retten og måten denne retten skal organiserast på.
Vi foreslår difor at ein i tillegg til punkt 2.4 får inn i §3-6 i friskulelova ein formulering om at kommunen i tillegg til at dei gjer vedtak om spesialundervisning kan delegere mynde til friskulen der eleven går.
Vi foreslår også at ein vidare greier ut om ein skal endre denne plikten og overføre ansvaret til å fatte vedtak i sakene som gjeld rett til spesialundervisning til friskulane, og difor også sjå nærare på korleis ein evt. må endre statstilskotet og delen av tilskot som kommunen skal dekke inn, med bakgrunn i tanken om ein klar, føreseieleg og rettvis regulering.