🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om forslag til lov om besøksbidrag

Campingbransjen i Stryn Kommune, Vestland Fylke

Departement: Familiedepartementet
Dato: 02.01.2025 Svartype: Med merknad HØYRINGSINNSPEL FRÅ CAMPINGBRANSJEN I STRYN KOMMUNE Stryn kommune er ein stor reiselivskommune i Vestland fylke, med eit stort antal reisande kvar sommarsesong. Her er både privatturisme, gruppeturisme og cruiseturisme, så vi i reiselivsbransjen her kjenner godt til dei utfordringane som kan oppstå i dei store naturdestinasjonane. CAMPINGBRANSJEN I STRYN KOMMUNE STILLER SEG NEGATIV TIL FORSLAGET OM MULIGHET FOR INNFØRING AV OPP TIL 5% TURISTSKATT/ "BESØKSBIDRAG" PÅ OVERNATTING. Undeteikna aktører støtter ikkje dette forslaget til turistskatt. Å skattelegge overnattingsbransjen, som allereie bidreg til verdiskaping, arbeidsplasser, skatt/moms og andre avgifter, - og slik skaper positive ringverknader i reiselivskommunar som Stryn og områda omkring, vert ikkje riktig. Formålet med eit besøksbidrag/turistskatt er først og fremst å få inn bidrag frå den gruppa reisande som i størst grad er "gratispassasjerer", og som bidreg i liten eller ingen grad til stadane dei besøker. Dersom ein skal innføre turistskatt/besøksbidrag, så må denne ordninga nå den gruppa av dei reisande som både bruker destinasjonane og naturområda som i liten/ingen grad bidreg til det lokale næringslivet, og som skaper dei største belastningene på områda. Det forslaget som ligg ute til høyring no, når ikkje den gruppa reisande som bør omfattast av ei slik ordning. Derimot skaper det forslaget som foreligg no, heller ein ekstraskatt og belastning for den delen av dei reisande og den delen av reiselivsnæringa som allereie bidreg til fellesskapet i form av lokal verdiskaping, arbeidsplasser og skatter/moms og avgifter. Gjestene på overnatting på camping og hytter betaler allereie for opphaldet og bruk av toalett/dusj/søppelhandtering og informasjon. TURISTSKATT MÅ NÅ RIKTIG GRUPPE - "der skoen trykker" Cruiseturisme Gjennom fleire år har problematikken omkring cruiseturisme og det faktum at mange av desse reisande ikkje bidreg til områda som vert besøkt, vore kjent. Mykje av denne trafikken skaper køer, forureining og utfordringar i lokale områder som ikkje er utforma for å ta imot så mange mennesker. Dette er ei gruppe reisande som bruker områda, sentrumsområder, stier, vegar og anna i stor grad. Vi ønsker cruiseturistane velkommen, og desse er også viktige for det lokale næringslivet, - men det er også denne gruppa som har flest "gratispassasjerer" (sett i lys av lokal verdiskaping) og som skaper belastning på infrastruktur og områda omkring hamnene og destinasjonane. Det foreligg oss både logisk og naturleg at dette er gruppa som vert ilagt besøksbidrag/turistskatt; for å sikre eit bærekraftig reiseliv og bidrag til lokalsamfunna og destinajonane, samt fellesgoder i områda som vert besøkt av store mengder cruiseturister kvart år. Fricamping/villcamping Norge er eit av dei få landa som opner for fri camping stort sett over alt. Ein av bakgrunnane for dette er ei mistolking/misbruk av allemannsretten, som igjen fører til at reisande finn seg til rette spesielt langs vegar og på utvidningar. Denne gruppa reisande bidreg i mindre grad til lokalt næringsliv og anna verdiskaping. I tillegg er dette og ei gruppe som i større grad kan vere ei belasning ved bruk av vegkantar, utvidingar og rasteplasser som blir brukt som fricampinger. Denne gruppa har også søppel/toalett/dusj behov. Store områder vert brukt som toalett gjennom sommerhalvåret. Utvidingar og møteplasser langs smale fylkesvegar og anna vert brukt til store bubilar, telt og overnatting. Om organisert overnatting på campinger, der gjestene allereie har betalt for seg og bidratt til fellesskapet og verdiskapinga, skal bli dyrare med ekstra skattelegging, så kan endå fleire reisande trekkes mot fricamping. Slik kan sjølve ordninga med besøksbidrag/turistskatt på organisert overnatting virke imot si opprinnelige hensikt, og ein vil få fleire "gratispassasjerer" langs vegane. Skal Norge verte ein reiselivsdestinasjon der fleire ferierer gratis, og der fellesgoder vert bygd opp med ekstra bidrag frå allereie betalande gjester? Det vert ein urettferdig og uriktig ekstra skattelegging av dei som allereie bidreg, og som kan virke mot si hensikt, og som kan verte skadeleg for det næringslivet som allereie er bygd opp og som bidreg i form av arbeidsplasser, skatt/moms og anna verdiskaping. EIT FORSLAG SOM KAN GI MOTSATT EFFEKT Forslaget til 5% ekstra skattelegging av overnatting bør skrinleggast. Campingbransjen i den store reiselivskommuna Stryn kommune står samla i dette bodskapet: Om det skal innførast turistskatt, så må den delen av reiselivet som belastar lokalsamfunna og reiselivsdestinasjonane mest, og som bidreg minst til lokalt næringsliv og anna, vere dei som betaler besøksbidrag/turistskatt. Ein urettferdig ekstra skattelegging av dei som allereie bidreg, kan i verste fall få motsatt effekt en det som i utgongspunktet var intensjonen med turistskatt/besøksbidrag. Vi oppfordrer med dette om å skrinlegge turistskatt/besøksbidrag på overnatting, og forslaget slik det ligg no. Dette høyringsinnspelet er underteikna av følgande camping- og overnattingsbedrifter i Stryn Kommune: Loen/Lodalen: Sande Camping Lo-vik Camping Loenvatn Feriesenter Sandåasen Feriesenter Tjugen Camping Helset Camping Bødalseter Brecamp Stryn & Oppstryn/Hjelledalen: Mindresunde Camping Strynsvatn Camping Hjelledalen Hyttesenter Nygård Camping Vollsnes feriehus Stryn Camping Hjelle Hotel Aarneset Gardstun Olden/Oldedalen: Oldevatn Camping Olden Camping Gryta Camping Melkevoll Bretun Camping Aabrekk gard Melheim hytter Stryn, 2. Januar 2025 Nærings- og fiskeridepartementet Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"