🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Endring i forskrift om kommunal betaling for utskrivningsklare pasiente...

Mental Helse

Departement: Omsorgsdepartementet 1 seksjoner

Merknader

Me meiner at ordet «tidlegast» må takast ut. Dette avdi me meiner at det no er på høg tid at betalingsplikta for utskrivingsklare pasientar vert sett i verk. Elles trur me at kommunane vil fortsetja å gambla på at  spesialisttenesta vil ta ansvar for desse. 

Dette er del av samhandlingsreforma og må likestillast med somatisk helse der betalingsplikta vart innført for fleire år sidan.  Her har det vorte bygd opp tilbod og dei fleste kommunane (om enn seint) tek no i mot pasientar slik dei skal.

Når det gjeld rus og psykisk helse vart det sagt at midlar til psykisk helsearbeid skulle auka meir enn til somatikken etter at opptrappingsplanen var ferdig. Dette veit me ikkje har skjedd, og vi trur heller ikkje det vil skje før me har eit betalingsdirektiv på plass.  

Det er i kommunane folk bur og det er der dei gode tenestene må utviklast.

Mental Helse meiner at betalingsdirektivet må gjelda frå 01. januar 2018 og ikkje utsetjast fleire gonger.