Fordelar og ulemper ved endring av Matrikkellova Dato: 19.08.2016 Svartype: Med merknad Vi ser fleire fordelar ved forslaget til endring av Matrikkellova: - Det vil verte eit proffesjonelt marked med flinke landmålarar, slik at ein unngår ukompetente kommunale landmålarar. - Ved sentral matrikkelføring vil det byggast opp ei ekspertise av matrikkelførarar, som vil bruke mindre tid pr. oppmålings-forretning, slik at det heile vert meir effektivt. - Kommunane får frigjort ressursar som kan nyttast til andre formål, MEN kommunereforma skal jo munne ut i større einingar som skal kunne ta større ansvar. Er det då rett å sentralisere/privatisere? Men, vi ser og nokon ganske store ulemper ved forslaget til endring av Matrikkellova: - Private og sentrale aktørar har ikkje lokalkunnskap, og kan kome opp i situasjonar der dei ikkje kan ta avgjerd i ulike saker. - Private og sentrale aktørar har ikkje tilgong til kommunale arkiv med oppmålingsprotokollar mv. frå tidlegare arbeid. - Private og sentrale aktørar er ikkje nær innbyggarane som ofte treng rettleiing. Dei færraste søkjarane er profesjonelle, dei fleste er amatørar. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen