🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – Organisering av eiendomsoppmålingen. Forslag til endringer i matrikkell...

Hyllestad kommune

Departement: Moderniseringsdepartementet
Høyringsuttale - Organisering av eigedomsoppmålinga. Forslag til endringar i matrikkellova mv. Dato: 23.11.2016 Svartype: Med merknad Kommunestyret- 16/090, har i møte 17.11.2016 handsama sak Høyringsuttale - Organisering av eigedomsoppmålinga. Forslag til endringar i matrikkellova mv. der vart det gjort slik vedtak: Hyllestad kommunestyre støttar ikkje forslaget om å oppheva det kommunale ansvaret for eigedomsoppmåling. Kommunen støttar heller ikkje forslaget om å overføra føring av matrikkelen til Kartverket. Dei viktigaste argumenta mot forslaget er at oppgåvene ikkje egnar seg for marknaden, dei negative konsekvensane dette vil ha for matrikkelen, samt for kommunens samla drift. Kommunalt ansvar for eigedomsoppmåling fungerer godt i Hyllestad kommune og kommune-Norge generelt, sett i samanheng med vår historie, busettingsmønster, geografi og ein medvitenheit om eigedomsgrenser som felles offentleg infrastruktur. Korkje ventetid, pris eller kvalitet er saklege argument mot dagens organisering. Det er lite som talar for at oppgåvene samla sett blir billegare, betre eller generelt meir tilgjengelege, ved å oppheva det kommunale ansvaret.   Vedlegg Høyringsuttale - Organisering av eigedomsoppmålinga. Forslag til endringar i matrikkellova mv. (L)(150659).pdf Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen