🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i forskrift om midler til investering og bedrift...

Innovasjon Norge

Departement: Familiedepartementet 3 seksjoner

3.5 Forenkling i bestemmelsane om igangsetting av eit prosjekt

IBU-ordninga har hatt heilt eigne reglar for når eit prosjekt kan setjast i gang, og Innovasjon Norge helsar velkommen at dette no vert foreslått harmonisert med regelverket som gjeld for alle andre ordningar. Dette representerer ei forenkling så vel for kunde som for Innovasjon Norge.

3.6. Kommunens rolle

Kommunane har i dag ein formell rolle i forvaltninga av IBU-ordninga. Det er heilt ulikt alle andre ordningar og kundegrupper for ordningar både frå LMD og andre oppdragsgjevarar. Det vert foreslått at den formelle rollen til kommunen om uttale til søknad, vurdering av sluttrapport og stadfesting av at prosjektet er ferdig vert avvikla.

Innovasjon Norge sluttar seg til dette. Innovasjon Norge kan ikkje sjå at det skulle vera grunnlag for særbehandling, bl.a. når det gjeld søkjars ansvar for å gje riktige opplysningar og evt. innhente dokumentasjon for ferdigstilling av bygg eller anlegg.

I det nye søknadssystemet inviterer Innovasjon Norge til dialog («sparringflata») slik at Innovasjon Norge på ein heilt ny måte kjem langt tidlegare i dialog med søkjar, og at t.d. avklaringar som ein ikkje kan forvente at kommunen kan gje svar på no vert retta direkte til Innovasjon Norge.

Innovasjon Norge har i dag i søknadshandsaminga tilgang til datakjelder som ein ikkje hadde tidlegare, og IN vurderer også nye rutinar i samband med dokumentasjon for bl.a. ferdigstilte bygg og anlegg utan at det er naudsynt med særskilt medverknad frå kommunen utover det følgjer av anna lovverk.

Innovasjon Norge opplever at det t.d. i samband med skifte av sakshandsamarar i kommunane kan gå lang tid før det vert gitt melding om det og at ny sakshandsamar i kommunen får tilgang til kommunedelen av sakshandsamingssystemet til Innovasjon Norge. Dette kan – og medfører i ein del tilfelle urimeleg lang tid frå søknad er sendt til Innovasjon Norge kan starte sakshandsaminga

Innovasjon Norge er samd og ynskjer understreke at kommunen har ein viktig rolle som utviklingsaktør for næring og samfunn som det går fram av Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida . T.d. gjeld dette mobilisering av landbrukskundar, og IN vil halde fram samarbeidet og sjå på kommunen som ein særs viktig samarbeidspart kring mobilisering og bedriftsbesøk.

3.7. Forenkling i handtering av klager

Ulikt andre tilskotsordningar i Innovasjon Norge er det i dag forskriftsfesta klagerett og ei ordning med ekstern klagenemnd som det er gjort greie for i høyringsnotatet.

Innovasjon Norge er samd i alt klagenemnda vert avvikla, og har spelt inn dette tidlegare. Vi vil i denne samanheng også understreke at dagens reglar om klage til Landbruks- og matdepartementet harmonerer svært dårleg med formålet bak organiseringa av Innovasjon Norge, jf. Ot.prp.nr.14 (2003–2004) s. 6 og 13.

I høyringsnotatet er det to alternativ der alternativ 1 er at det vert innført ein regel om intern behandling av klager og alternativ 2 at det ikkje er reglar om klage i forskrifta i det heile tatt. Etter synet til Innovasjon Norges er alternativ 2 å føretrekke sidan det gjev Innovasjon Norge ein hensiktsmessig fleksibilitet og moglegheit til å likebehandle kundar uavhengig av kva sektor dei tilhøyrer.

Sjølv om forvaltningslova ikkje gjeld for Innovasjon Norge (jf. lov om Innovasjon Norge § 6 første ledd), må selskapet likevel opptre i samsvar med visse alminnelege forvaltningsrettslege prinsipp. Blant anna har Innovasjon Norge rettleiingsplikt som inneber at selskapet også må handtere henvendelser om vedtak der det ikkje er formell klagerett på. Det er derfor mogleg å vurdere eit vedtak på nytt sjølv om det ikkje er formell klagerett.

Vidare forutset ein at klageordninga for Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping vert harmonisert med endringar for IBU, jf. side 45 i Reindriftsavtalen 2013/2014