Dato: 19.12.2024 Svartype: Med merknad Høyringsuttale frå Time kommune til forslag til endringar i forskrift om midler til investering og bedriftsutvikling i landbruket Time kommune ser behovet for endringar i nemde forskrift. Kommunen har fylgjande innspel til endringar i forskrifta knytta til kommunane si rolle: 1. Forenkling vedrørande igangsetting av eit prosjekt - §3 Investeringsprosjekt krev som oftast offentlege godkjenningar, t.d. byggeløyve. Ikkje alle slike prosjekt kan få godkjenning som søkt om. Eller det krev omfattande prosessar før tiltaket kan godkjennast, ofte på ulike vilkår som kan avgrense prosjektet og drifta. Dersom det vert starta på og løyvd tilskott til prosjekt utan offentlege godkjenningar, vil dette kunne skape unødvendige konfliktar mellom tiltakshavar og offentleg myndigheit. Vidare vil dette legge press på offentleg myndigheit om å innvilge godkjenningar for prosjektet, etter at prosjektet er starta. Time kommune har forståing for harmonisering og behovet som ligg til grunn for denne endringa. Men kommunen vil foreslå at det vert eit krav i forskrifta om at offentlege godkjenningar av tiltaket må vera på plass før prosjektet kan starte opp. Time kommune foreslår difor at siste ledd av §3 i forskrifta vert endra til: «Det kan ikke gis tilskudd til tiltak som er påbegynt uten offentlige godkjennelser før søknad er sendt, eller tiltak på landbrukseiendommer som i sin helhet eies og drives av stat, fylke eller kommune» 2. Kommunane si rolle i saker om IBU-midlane Time kommune er bekymra for den føreslegne endringa om at kommunane ikkje skal involverast i forbereiing av søknadane. Etter dagens forskrift får kommunane ei indirekte oppgåve med å mobilisere og bidra til næringsutviklinga i landbruket. Det er stor fare for at kommunane vil tone ned og fase ut dette arbeidet grunna mindre involvering. Kommunane har vidare god lokal kunnskap, t.d. om areal- og reguleringsplanar som på sikt vil avgrense søkjarbruket sine utviklingsmoglegheiter, positive og negative sider ved dagens drift osv. Dette kan vera vanskeleg å fange opp i søkjar si søknadsutfylling. Samstundes er Time kommune klar over at det er ulik grad av involvering og kompetanse blant kommunane i dette arbeidet. Det er difor viktig for næringsutvikling på bygdene og for utvikling av tradisjonelt landbruk at Innovasjon Norge: Prioriterer informasjonsarbeid om IBU-arbeidet retta mot kommunane, slik at dei kan mobilisere og motivere landbruksføretaka til vidare utvikling Sender kopi av vedtak i saker for landbruksføretak i den aktuelle kommunen Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen