🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i forskrift om midler til investering og bedrift...

Vinje kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 19.12.2024 Svartype: Med merknad Høyring av endringar i forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket – Vinje kommune Vinje kommune viser til høyringa om endringar i forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket, spesielt punkt 3.6 om avvikling av kommunen sin rolle i forvaltning av midlane. Kommunen si posisjon i næringsutvikling i landbruket er av stor tyding, og vi meiner at denne rolla framleis bør vere synleg og styrkt. Kommunane har ein unik posisjon og nærleik til lokale bønder og landbruksbedrifter, noko som gjer dei godt rusta til å forstå og støtte lokale behov og utfordringar. Gjennom tett samarbeid med bønder og andre aktørar i landbruket, kan kommunane bidra til å fremje innovasjon, berekraft og økonomisk vekst i sektoren. Kommunane spelar ei avgjerande rolle i å leggje til rette for infrastruktur, rådgjeving og økonomisk støtte som er naudsynt for å utvikle landbruksnæringa. Dei fungerer som bindeledd mellom statlege styresmakter og lokale aktørar, og sikrar at nasjonale og regionale mål og retningslinjer vert tilpassa og implementert på ein måte som er høveleg for det lokale miljøet. Departementet meiner det bør være søker som har ansvaret for en vesentleg del av de opplysningane kommunen i dag skal gi informasjon til Innovasjon Norge om. Dette kan gje ei vilkårleg handsaming av søknaden. Det er neppe mange gardbrukarar som er opptekne av regionale og/eller kommunale planar og mål i ein byggeprosess på garden. Omsyn til samfunns- og næringsutvikling står i fare å ikkje bli teke omsyn til i ei avgjerd. I praksis kan ein slik forskrift til rette for mangelfull informasjon i søknadsprosessen – og bidra til ein auke i klagesaker. Vi oppmodar difor til at kommunane si rolle i næringsutvikling i landbruket ikkje berre vert oppretthalden, men òg styrkt gjennom dei føreslått endringane i forskrifta. Dette vil sikre at lokale ressursar og kompetanse vert utnytta på best mogleg måte, til fordel for både landbruket og ikkje minst lokalsamfunna og anna næringsliv. Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"