🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag til endringer i legemiddelforskriften

Jæren Naturmedisin

Departement: Familiedepartementet
Homeopat MNHL og familieterapeut Dato: 19.10.2016 Svartype: Med merknad Eg jobber full tid som terapeut og bruker også homeopati i familieterapien for dei som ønskjer det. Importforbudet har gjordt det vanskeligare å få tak i homeopatiske medisin. Apotek i Norge kan skaffe det meste men det tek ofte mykje lenger tid og det er også mykje dyrare. Akkurat no ventar eg på ein medisin på 9. Veka via apoteket i Norge.  Eg har vore homeopat i 24 år, og fordi homeopatien utviklar seg bruker eg eit mykje vidare spekter av medisiner i dag enn då eg var nyutdanna. Mange av desse er såkalla småmidler som eg kanskje berre bruker 1 eller få gonger ila min karriere. Sjølv om småmidler blir sjeldan bruka er det kanskje det einaste midlet som kan hjelpa akkurat den pasienten. Det vil verta ein heilt uhaldbar situasjon dersom eit registreringskrav vil verta så dyrt at me ikkje lenger kan skaffa medisinene me treng for å gjera jobben vår. Me har dyktige og veldig godt utdanna homeopatar i Noreg, og det er bare for dumt at eit byråkrati skal hindre oss i å kunna fortsetja å gjera ein god jobb for våre pasientar.  Registreringskravet bør iallefall utsetjast til me igjen får lov å importera medisinene me treng. Viss både registreingskrav  med høge avgifter og importforbudet framleis gjeld i januar 2017 vil det strupe vår moglegheit til å fortsetja å jobbe som homeopat.  Me kan ikkje leve med ein ordning der me må reisa utenlands for å kjøpe medisinene me treng.  Eg håper virkelig at fornuften får råde i denne saken. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"