🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - nye oppgaver til større kommuner

Fellesforbundet

Departement: Moderniseringsdepartementet
Dato: 05.10.2016 Svartype: Med merknad Vi viser til brev frå Landsorganisasjonen i Norge av 11. august om høyringssak frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om nye oppgåver til større kommunar.   Fellesforbundet er einig i at det er behov for å sjå på oppgåvefordeling og på kommunestruktur. Vi er samtidig kritiske til den prosessen som regjeringa har lagt opp til ved at ein ser oppgåver og struktur som lausrivne saker. Slik vi oppfattar høyringsnotatet legg regjeringa opp til eit ytterlegare nivå i det norske styringsverket ved at enkelte kommunar skal få tildelt oppgåver andre kommunar ikkje har. Her meiner vi det mest ryddige må vera dagens tre nivå med stat, fylkeskommune (truleg i form av færre regionar i framtida) og kommune.   Vi er særs kritiske til at ansvaret for vidaregåande skole skal overførast frå fylkeskommunen der det er større kommunar. Det er viktig at den vidaregåande opplæringa blir organisert på tvers av kommunane som i dag. Vi er redde for at både mangfaldet og kvaliteten i tilbodet blir svekka om større kommunar overtar ansvaret, mens fylkeskommunen beheld ansvaret for resten. Og det vil bli vanskeleg å oppretthalde eit likeverdig tilbod innanfor ein region. Akkurat det same kan også seiast om kollektivtrafikken. Å splitta opp ansvaret vil lett forringa tilbodet og gi meir byråkrati. Med dette opplegget forlet regjeringa eit viktig prinsipp i norsk forvaltning, nemleg generalistprinsippet.   Mange av dei oppgåvene som er føreslått overført til større kommunar, er oppgåver som ein mindre kommune i nett same grad kan ta seg av som ein større kommune. Det er for oss vanskeleg å forstå at ein mindre kommune for eksempel ikkje kan ta seg av borgarleg vigsel eller jakt på bestemte gåseslag.   Vi tilrår at regjeringa ikkje fremmer noko sak om dette før den framtidige struktur på det regionale nivået blir avklart. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen