FORSLAG TIL ENDRING:
§2, tredje ledd bør endrast slik:
GRUNNGJEVING
Kapittel 3. 1 i høyringsnotatet gjer greie for omsynet til førehandsvisse og at forskrifta skal vera uttømande når pasienten vert vist til poliklinisk behandling på sjukehus.
Ein del sjukehuspoliklinikkar viser imidlertid pasientar vidare til privatpraktiserande avtalespesialistar eller radiologiske verksemder av kapasitetsomsyn. Dette kan gjelda pasientar som fastlege har vist til sjukehuspoliklinikken for undersøking. Eit eksempel på dette er urologisk poliklinikk ved Stavanger Universitetssjukehus.
I nokre tilfelle må pasientar som sjukehuset viser vidare til undersøking hjå avtalespesialist betala ca 1000-1500 kr i pasientbetaling (i tillegg til eigenandel) for utstyr. Dei som vert undersøkte på sjukehuset, slepp denne pasientbetalinga. Å legga til rette for vidareføring av ein slik praksis vil etter vår vurdering vera i strid med intensjonen i framlegget til forskrift.
Det er uheldig å innføra ei forskrift som ikkje regulerer dei situasjonane der helseføretaket viser pasienten vidare til andre aktørar. Ei god arbeidsdeling mellom sjukehus og avtalespesialistar er fornuftig, men kostnaden for pasienten må vera den same, noko forskrifta bør regulera.
Eit alternativ til det tillegget me foreslår, er å la heile forskrifta gjelda også for avtalespesialistar, noko som uansett bør vera eit langsiktig mål.

FOR ØVRIG
Bjerkreim kommune støttar for øvrig prinsippa og hovudlinjene i forslag til ny forskrift.
For Bjerkreim Kommune,
Knut Vassbø, kommuneoverlege
For Bjerkreim Kommune,
Knut Vassbø, kommuneoverlege