Innføring av automatisk frikort for egenandelstak 2 og avvikling av sykdomslisten i fysioterapiordningen m.m. Dato: 20.09.2016 Svartype: Med merknad Fagrådet for fysioterapeutar i Nordhordland støttar innføring av automatisk frikort og elektronisk innrapportering av eigenandeler. Automatiseringa vil krevja tid og kostnader i innføringa, men vil på sikt gjera det enklare for både bruker og tenesteytar. Ordninga bør utformast slik at administrative kostnader går ned for dei utøvande tenestene, ikkje berre Helfo. Me er i utgangspunktet positive til å avvikla sjukdomslista , men det bør gjerast ei betre utgreing i forhold til kva konsekvensar det vil medføra. Dette spesielt med tanke på pasientgrupper med kroniske sjukdommar, med særskilde behov for fysioterapi for å oppretthalde funksjon. Fagrådet for fysioterapeutar stiller spørsmål med kor hensiktsmessig det er å ta eigenandel hjå fastlønte fysioterapeutar. Dagens praksis der ein i dei fleste tilfelle ikkje tek eigenandel, er ikkje berre knytt til sjukdomslista og fritak, slik det kjem fram i høringsnotatet. Slik me ser det vil ein eigenandel vera lite tilpassa dagens arbeidsformer. Mellom anna koordinering og samhandling rundt brukarar med samansette behov kan vere tidkrevjande. Er det tenkt at ein skal krevje refusjon for all tid og aktivitetar brukt på samhandling rundt ein einskild brukar? Korleis vil ein sikre at eventuell endring av dagens ordning ikkje bidreg til mindre samhandling og koordinering av helsetenestene med brukar i sentrum. Innføring av eigenandel for alle kan føre til eit utilsikta underforbruk, særlig hjå låginntektsgrupper. Innføring av eigenandel for alle kan føra til eit overforbruk av tenester når eigenandelstaket er nådd. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"