🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - innføring av automatisk frikort for egenandelstak 2 og avvikling av syk...

Fysio- og ergoterapitenesta i Førde kommune

Departement: Omsorgsdepartementet
Høyringsuttale Dato: 19.09.2016 Svartype: Med merknad Høyringsuttale: Innføring av automatisk frikort for eigendelstak 2 og avvikling av sjukdomslista i fysioterapiordninga m.m. Fysio- og ergoterapitenesta i Førde kommune har lese gjennom høyringsbrevet som vart sendt ut før sommaren, og vi ønskjer å komme med følgjande innspel til dette: Vi er i utgongspunktet positive til dette med avvikling av sjukdomslista, og ser at dette kan medføre ein meir rettferdig tilgong til fysioterapi, uavhengig av diagnose. Vi ser også at det for pasientane er gunstig med innføring av automatisk frikort for eigendelstak 2. I tillegg er vi positive til at skjerming av barn aukar frå 12 til 16 år. Men: Etter vår meining har høyringsnotatet i svært liten grad teke føre seg kva konsekvensar denne omlegginga kjem til å få for dei kommunalt tilsette fysioterapeutane, og vi ønskjer å uttrykke at dette er noko vi er skuffa over. Etter å ha lese høyringsbrevet nøye, finn vi berre nokre få avsnitt som omhandlar kommunalt tilsette fysioterapeuter. Det vesle som står er til dømes: «I praksis er det en del kommuner som ikke krever egenandeler slik som forutsatt, fordi de legger til grunn at de som mottar behandling av kommunens fast ansette fysioterapeuter som hovedregel faller inn under sykdomslista og har rett til gratis behandling. I tillegg utfører de fast ansatte fysioteapeutene ulike oppgaver som ikke honoreres gjennom takstsystemet, slik som vurderinger, tilrettelegging og tilpasning av tekniske hjelpemidler». Avsnittet over stemmer i stor grad for måten vi arbeider på i Førde kommune. Fordelinga mellom dei kommunalt tilsette og dei privatpraktiserande fysioterapeutane er i hovudsak slik at dei som kan oppsøke eit av institutta og få behandling der, må gjere dette. Dei tilsette fysioterapeutane har oppfølging av pasientar som av ulike grunnar ikkje kan oppsøke institutt, og av pasientar som treng tverrfagleg oppfølging, til dømes i form av habilitering og rehabilitering. Vi arbeider også tett saman med ergoterapeutane, og arbeidsoppgåver som vurdering og tilpasning av hjelpemiddel, bustadtilrettelegging og rådgjeving knytt til forflytting vert utført av begge yrkesgrupper. Til no har vi dermed hatt få pasientar som er i den gruppa som skal betale eigendel for fysioterapi, og vi har derfor ikkje laga til noko godt system for dette. Sidan fysioterapeutane og ergoterapeutane også har ein del overlappande arbeidsoppgåver, har det også vore litt unaturleg å ta betalt for den eine yrkesgruppa sine tenester, og ikkje den andre. Vi ser også at ein del av oppgåvene vi har knytt til pasientar i liten grad er tilpassa den takstplakaten dei privatpraktiserande nyttar seg av. Det er også slik at vi arbeider fleksibelt når vi er hos pasientar, det vil seie at vi gjerne kombinerer trening/behandling med hjelpemiddelvurdering. Dette vert meir komplisert no som det eine vert noko ein skal betale for, og det andre ikkje. Vi prøver også i aukande grad å prioritere forebyggande arbeid i kommunen, noko som også er i tråd med nasjonale prioriteringar. Mellom anna er vi i gang med eit tettare samarbeid med helsestasjon og skulehelseteneste, og vi har også fleire treningsgrupper for eldre, med førebyggande tankegang. Barn og unge vert skjerma i omlegginga, men vi er litt uroa for at den nye ordninga vil skape eit press på oss for å ta inn inntekter på eigendelar, noko som vil kunne medføre at førebyggande oppgåver i aukande grad kan bli nedprioritert. Dette er i så fall svært uheldig. Vi prøver også å prioritere rehabiliteringsoppgåver, og utfører mellom anna rehabilitering i institusjon, heimerehabilitering og kvardagsrehabilitering. Rehabilitering er ei lovpålagd teneste, og det er truleg ikkje tenkt at det skal takast inn eigendelar på fysioterapi knytt til dette? Men risikerer ein då at rehabiliteringsoppgåver vert nedprioriterte fordi det ikkje genererer inntekter i form av eigendeler? Kort oppsummert så ser vi at den varsla omlegginga har nokre fordelar, men vi synes ikkje at høyringsnotatet i tilstrekkeleg grad har drøfta og teke omsyn til arbeidskvardagen til dei kommunalt tilsette fysioterapeutane. Endringa vil etter det vi kan sjå også få store konsekvensar for tilsette fysioterapeutar, og vi skulle ønskje dette var grundigare vurdert.  Vi ser mellom anna utfordringar knytt til: Mindre fleksibilitet i bruk av tilsette fysioterapeutar Mogleg press på innhenting av eigendelar, ettersom det er varsla at omlegginga medfører økonomiske konsekvensar for kommunane Mindre fokus på førebyggande arbeidsoppgåver og på rehabiliteringsoppgåver Behov for nytt system med fakturering og innsending av innbetalte eigendelar Informasjon: Vi har mange pasientar med kognitiv svikt, og ser at det kan vere utfordrande å få forklart at fysioterapi medfører betaling av eigendel Informasjon: Det kan vere vanskeleg for pasientar å forstå at det er gratis å få hjelp av fysioterapeuten til hjelpemiddelvurdering, men at trening/behandling kostar pengar. Vi håpar at det vert sett meir på dette før ei slik endring vert sett i verk. Med helsing Fysio- og ergoterapitenesta i Førde kommune v/ Marita Brandsøy Lystad Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"