Dato: 12.12.2024 Svartype: Med merknad Vi viser til høyringsbrev og notat av 9.oktober 2024 med høyringsfrist 15.desember 2024. Høgskulen på Vestlandet gjev innspel til enkelte av dei føreslegne endringane. Forslag om å opne for at statlege universitet og høgskular kan ta eigenbetaling for gjentak av tidlegare bestått eksamen og regulere dette nærare i forskrift. Høgskulen på Vestlandet støttar ikkje forslaget om å kunne ta eigenbetaling for gjentak av tidlegare beståtte eksamenar. Det strir mot gratisprinsippet for høgare utdanning. Ved Høgskulen på Vestlandet er gjentak av tidlegare beståtte eksamenar innanfor eit rimeleg nivå. Det blir heller ikkje arrangert eksamen om det berre er oppmeldte studentar som ynskjer gjentak. Forslag om å ikkje innføre nasjonale reglar om bruk av plagiatverktøy, men departementet vil oppfordre institusjonane til å regulere dette i sine eksamensreglement. Spesielt det siste året har det vore fleire saker i universitets- og høgskulesektoren der ein ser at felles forståing og tolking av fusk og deriblant plagiatkontroll vil vere hensiktsmessig. Ein felles ordlyd i nasjonal lov/forskrift vil kunne ivareta dette behovet. Dette vil bidra til ei felles nasjonal forståing og praktisering av for eksempel plagiatkontroll. Dersom det blir opp til den einskilde institusjon å reglements-/forskriftsfeste dei juridiske tolkingane kan dette medføre ulik praktisering og større usikkerheit hjå studentane. Dersom departementet står ved forslaget sitt bør KD be UHR om å lage anbefalte reglar som kan takast inn i lokale reglement/forskrifter. Dette vil gi ei god ramme for tolking og praktisering, og eit bidrag til like vilkår for studentane, ved alle universitet og høgskular. Utover dette støttar Høgskulen på Vestlandet forslaga til endringar. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"