🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i fagskoleloven om nasjonalt studentombud

Styret for Fagskulen Vestland

Departement: Familiedepartementet
Dato: 15.12.2024 Svartype: Med merknad Høyringsuttale – forslag til endringar i fagskulelova knytt til nasjonalt studentombod Styret ved Fagskulen Vestland viser til høyringsnotat datert 10. oktober 2024. Styret støttar i hovudsak dei foreslåtte endringane/presiseringane i fagskulelova § 14 a. Styret ser det som positivt at det er valt oppsett og ordval som svarar til føresegna i universitets- og høgskulelova § 10-8 om studentombod. Departementet viser til at lovreguleringa for studentombod bør vere tilsvarande for dei to sektorane, og at dei to studentgruppene bør ha like rettar, noko styret støttar. Det er foreslått å presisere at studentombodet skal bidra til å ivareta rettssikkerheita til studentane overfor fagskulen. Styret er einig i at denne presiseringa av mandatet til ombodet er i tråd med formålet med studentombodsordninga, og støttar presiseringa. Det same gjeld presiseringa om at ombodet ikkje sjølv har mynde til å avgjere saker. Som departementet viser til følger det allereie av forarbeida til gjeldande føresegn at ombodet ikkje kan gjere vedtak. Presiseringa vidarefører i praksis gjeldande rett, og styret er einig i at denne beskrivinga av kva som er ombodet si rolle bør gå fram direkte av lovteksten. Med same grunngiving støttar styret vidareføringa i fagskulelova § 14 a om at studentombodet ikkje kan bli instruert. Styret nyttar moglegheita til å påpeike at ein generelt i tolkinga av fagskulelova til tider har behov for å sjå hen til tilsvarande regulering i universitets- og høgskulelova, og at forarbeida til fagskulelova ofte viser til universitets- og høgskulelova. Også av slike grunnar er det rettskjeldemessig viktig å ha like føresegn, der det er mogleg og føremålstenleg. T.d. ulike ordlydar kan bli tolka som å tilseie skilnadar, også der det var tilsikta med lik regulering. Styret har ikkje merknadar til forslaget om å vidareføre moglegheita til å tilsette eit nasjonalt studentombod på åremål. Vidare er styret einig i at informasjonsplikta i fagskulelova § 9 tredje ledd bokstav d vil innebere at styret må sørge for at det blir gitt informasjon til studentane om den nasjonale ombodsordninga, når ordninga trer i kraft. Manglande presisering av at ombodet sjølv kan velje å gi bistand i ei sak Departementet har vurdert om fagskulelova § 14 a skal presisere at ombodet sjølv vel om ombodet skal gi bistand i ei konkret studentsak. Departementet har valt å ikkje føreslå ei slik presisering, sjølv om dette er presisert i tilsvarande føresegn i universitets- og høgskulelova. Departementet viser til at det «ikke er nødvendig å presisere dette i fagskoleloven for et nasjonalt studentombud». Styret kan ikkje sjå at departementet har grunngitt nærare kvifor ei slik presisering ikkje er nødvendig når ombodet blir organisert nasjonalt. Det bør kome direkte fram av lovteksten at ombodet vel kven hen skal gi bistand til, slik styret ser det. Dette er ei avklaring av rolla som av pedagogiske grunnar bør gå fram av lovteksten, mellom anna for studentar som eventuelt les lovteksten når dei forsøker å orientere seg om ombodsordninga. Styret viser òg til at presiseringa er inntatt i universitets- og høgskulelova § 10-8, og at lovgivar av omsyn til samanheng mellom sektorane bør ha lik regulering der det er mogleg. Styret ser ikkje gode grunnar for at ikkje det same skal kome fram av føresegna i fagskulelova § 14 a. Oppheving av tilvising til teieplikta i forvaltningslova Departementet foreslår å oppheve regelen i fagskulelova § 14 a om at studentombodet har teieplikt etter forvaltningslova. Departementet grunngir dette med at eit nasjonalt ombod uansett vil ha teieplikt etter forvaltningslova. Nasjonalt studentombod for fagskulestudentane skal bli plassert i HK-dir, som er eit forvaltningsorgan etter forvaltningslova. Dei som arbeider i det nasjonale studentombodet vil difor vere omfatta av reglane om teieplikt i forvaltningslova. Ifølge departementet vil det dermed ikkje kunne oppstå same tvil som kan oppstå for omboda i universitets- og høgskulesektoren, pga. ulik organisering. Forslaget inneber ikkje ei endring i reglane om teieplikt, men fjernar ei dobbeltregulering. Styret for Fagskulen Vestland har i utgangspunktet forståing for formålet bak å unngå dobbeltreguleringar. I nokre tilfelle, som her, er det likevel gode grunnar for å også regulere teieplikta til det nasjonale ombodet i fagskulelova. Studentar vil jamt over ikkje ha detaljert kjennskap til forvaltningslova og teiepliktreglane der, og ikkje kunne slutte seg til at eit nasjonalt studentombod har teieplikt etter eit anna regelverk. I informasjonsmateriell om ombodet vil det vere naturleg å informere om at ombodet har teieplikt. Styret vurderer likevel at teieplikta bør gå fram direkte av fagskulelova § 14 a, slik som i gjeldande føresegn. Teieplikta til ombodet er sentral informasjon for studentar som vurderer å kontakte ombodet for bistand. Vidare går teieplikta fram av tilsvarande føresegn i universitets- og høgskulelova § 10-8. Styret vil igjen vise til behovet for lik regulering mellom dei to sektorane, så langt det er mogleg. Med dette som grunngiving ser styret for Fagskulen Vestland gode grunnar for at lovgivar i fagskulelova § 14 a bør vise til at ombodet har teieplikt, sjølv om dette er ei dobbeltregulering. Styret for Fagskulen Vestland har elles ikkje andre innspel til høyringsnotatet. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"