🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - ny forskrift om tilskudd til produksjon og formidling av audiovisuelle ...

Suldal kommunale Kino

Departement: Familiedepartementet
Høyringsuttalelse Suldal Dato: 31.05.2016 Svartype: Med merknad HØYRINGSUTTALELSE – NY FORSKRIFT OM TILSKUDD TIL PRODUKSJON OG FORMIDLING AV AUDIOVISUELLE VERK   Suldal kommunale Kino, viser til høyringsbrev frå Kulturdepartementet, vedkomande utkast til endringar i film- og videogramlova med forskrifter. I tråd med høyringsbreva frå Kulturdepartementet (KUD) og Norsk filminstitutt (NFI), sender Suldal kommunale Kino separate høyringssvar. Vi vil innleiingsvis peike på at kommunane og einskildkinoar manglar på mottakslista. Framlegget kan få store konsekvensar for norske kinoar og difor burde desse vore inviterte til å gje uttale om den nye forskrifta. Vi fryktar for den desentraliserte kinostrukturen vi har i Noreg om kinoane skal betale inn langt meir i avgift enn det vi kan sjå kinoane kan få tilbakeført. Det er livsviktig for kinoane å oppretthalde sentral kompetanse, støtte og felles marknadstiltak. Plattformnøytaliteten som Filmmeldinga la opp til, uroa kinobransjen. Det var difor gledeleg for oss at diskusjonen om plattformnøytralitet førte til eit filmforlik i Stortinget om at dette skulle utsettjast til at og dei nettbaserte formidlingsplattformene bidreg med midlar til bransjen. Det er viktig at dette forliket vert tatt inn i framlegget frå KUD (og dermed også som grunnlag for forskriftene til NFI). Suldal kommunale Kino har følgjande merknader til forskrifta:   1 Overordnet formål for ordningen Suldal kommunale Kino støttar KUD sitt fokus på eit breitt og variert tilbod og at tilbodet skal nå eit stort publikum både i Noreg og i utlandet. Vi meiner det er for lite fokus på det regionale og lokale perspektivet. Vi skulle ønske at KUD ville ta inn eit punkt f): Tilskotet skal bidra til å oppretthalde den desentraliserte kinostrukturen og bidra til film- og kinokultur over heile landet. Born og unge er med i merknadene, men ikkje i teksten til forskriftene. Etter vår meining bør også dette punktet løftast inn i nytt punkt i forskriftene.   6 Formål med tilskudd til filmformidling Suldal kommunale Kino er glad for at teksten frå Stortingsforliket er tatt opp att i merknadene. Vårt framlegg er at følgjande tekst vert lagt tiI i det faktiske framlegget til punkt i forskrifta: « Tilskot til filmformidling skal bidra til at publikum i hele Norge får tilgang til eit breidt og variert tilbod av norske og utanlandske filmar av god kvalitet. Særleg er visningsformer i det offentlige rom av stor viktighet for den desentraliserte kinostrukturen..»   Vi har ikkje merknader til dei andre paragrafane. Suldal kommunale Kino ber Kulturdepartementet ta omsyn til den unike kinokulturen i Noreg, med ein desentralisert kinostruktur, og prøve å finne løysingar som ivaretek dei små og mellomstore kinoane i distrikta. Suldal kommunale Kino vil, på lik linje med andre kinoar og Film & Kino, gjerne vere med på eit arbeid for å finne ein slik modell. Med vennleg helsing for Suldal kommunale Kino Sand 24. mai 2016 Hanne Mette Birkeland   Kinosjef Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen