🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funk...

Eldrerådet i Ørsta

Departement: Familiedepartementet
Uttale frå eldrerådet i Ørsta Dato: 22.04.2016 Svartype: Med merknad Vi gjer merksam på at vår uttale er avgrensa til å gjelde eldreråd. Eldrerådet ønskjer ikkje at lovene vert erstatta med eie felles forskrift. Eldrerådet sluttar seg til forslaget om at kommunar og fylkeskommunar kan velje den organisasjonsordninga som høver best ut frå lokale tilhøve, som i dag, og intensjonen om å føre denne fleksibiliteten vidare. Eldrerådet sluttar seg til forslaget om å erstatte nemninga "alderspensjonist" med nemninga "60+". Vi ser elles ikkje at det i framlegget frå regjeringa er forslag til vesentlege endringar i høve til eksisterande lov. Eldrerådet viser til ein forventa kraftig auke i tal på pensjonistar (60+) og at desse er spådd lengre levetid, er meir aktive, og tek vare på helsa. Dette er ressurspersonar, men ved valet i 2011 der personar over 67 år utgjorde 14 % av befolkninga, derav 18 % røysteføre, fekk dei likevel berre 5 % av alle fylkestings- og kommunestyrerepresentantane (opplysningane er henta frå Pensjonistforbundet). I høyringsnotatet s. 16 står det: "For å få samla reglane om kommunal organisering i kommunelova foreslår departementet at eldrerådslova og lova om råd eller anna representasjonsordning for personar med nedsett funksjonsevne blir oppheva og erstatta av ei ny, generell føresegn i kommunelova om råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjing." Eldrerådet forstår regjeringa sitt ønskje om å rasjonalisere lovverket, men meiner det er trist at dette skal ramme dei svakaste gruppene i samfunnet: ungdom, eldre og funksjonshemma. Eldrerådet i Ørsta har diverre ikkje tru på at ei samla forskrift for ungdom, eldre og funksjonshemma vil styrke eldresaka, men ser derimot på forslaget som ei svekking av eldre sine rettar. Ei forskrift er ikkje bra nok. Eldrerådet i Ørsta ønskjer at lovene vert vidareførte som i dag.   Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"