Uttale frå Fjell kommune Dato: 22.04.2016 Svartype: Med merknad Departementet sitt framlegg vil forskriftsfeste ei klageordning som samsvarar med forvaltningslova sine reglar, slik at kommunar kan klage på avgjersla. Ordninga vil sikre at kommunar får moglegheit til å påverke prosessen med ny tenestestruktur for politiet. Fjell kommune meiner dette er positivt med omsyn til det lokale sjølvstyret og at kommunen kan få ei formell handsaming av eventuelle motsegner til politireforma dersom kommunen ønskjer det. Ordninga vil sikre at kommunar får moglegheit til å påverke prosessen med ny tenestestruktur for politiet. Kommunen har ikkje denne moglegheita etter noverande lovverk – noko framlegget til forskrift frå departementet vil sikre likevel. Slik forskrifta er formulert og lagt opp, så er dette ei ekstra trygging av at kommunane vert høyrd i prosessen. Dette aukar rettstryggleiken og sikrar betre kvalitet i nærpolitireforma. Det er sjølvsagd ingen garanti for at alle partar vert nøgde, men det sikrar i det minste eit breitt kunnskapsgrunnlag når vedtaket skal treffast. Fjell kommune meiner dette er positivt med omsyn til det lokale sjølvstyret og at kommunen kan få ei formell handsaming av eventuelle motsegner til politireforma dersom kommunen ønskjer det. Fjell kommune sluttar seg etter dette til høyringsframlegget. Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen