Dato: 18.03.2016 Svartype: Med merknad Høringssvar på NOU 2015 : 17 Først og fremst , et helhetlig system for håndtering av akutte sykdommer og skader utenfor sykehus. Saka er av stor viktighet for tryggleiken for befolkninga ved akutt sjukdom og skade og eg vil råde til at Tokke kommune nytter seg av høvet til å svare på høyringa. Teksten under er mitt medisinsk faglege råd til Tokke Kommune, og inneheld difor ein oppsummering av det eg synest er viktigast i kvart kapittel med min kommentar til slutt. Det er sjølvsagt kommentarane som er mitt høyringssvar her. Kapittel 3 Verdier og mulighetsrom Her drøftast verdigrunnlaget i det offentlege helsevesenet og utvalet slår fast at dei har lagt vekt på likeverdige helsetenester og verdiane tryggleik, nærleik, kvalitet, forutsigelighet og stabilitet. Kommentar: Det er bra at likeverd framleis er ein grunnverdi og det er tydeleg at desse verdiane ligg til grunn gjennom heile arbeidet med høringen. Kapittel 4 Strukturer og utviklingstrekk Dette kapittelet er beskrivande og inneheld ikkje konkrete forslag. Punkt 4.6.1 er om sentralisering av funksjonar i den akuttmedisinske kjeda og slår fast at avstand er eit problem som kan forverre prognosen for sjuke og skadde og at kunnskapen om det må ha tyding for korleis akuttberedskapen leggast opp. Ingen kommentar. Kapittel 5 Felles utfordringer. Her drøftast problemet med delinga av ansvaret for akuttmedisin på to forvaltningsnivå; helseføretak og kommune. Eksisterande tenesteavtale nr 11 mellom desse to kritiserast av utvalet for å ikkje fungere som planleggingsverktøy og for ikkje å ha særleg tyding for pasientbehandling eller ressursbruk. Utvalet foreslår ny forpliktande felles plan mellom helseføretak og kommune for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus. Planen må ta omsyn til graden av sentralisering av sjukehusfunksjonar lokalt. Utvalet trur at den viktigaste enkeltfaktoren for å få dette til er god leiing kommunalt og i helseføretaket. Kommentar: Mi erfaring så langt, etter introduksjonen av samhandlingsreforma, er at gjeldande avtaleverk ikkje har hatt praktisk nytteverdi for oss hittil, og eg støttar at det må forbetrast. Dei to aktørane helseføretak og kommune er sjølvsagt avhengige av kvarandre for at tilbodet skal bli best mogleg, så betre samhandling er helt naudsynt. Utvalet er tydelege på at akuttfunksjonar på sjukehus og i kommunane ikkje kan sentraliserast samstundes, noko som tydar at ved lang reise til sjukehus må helseføretaka ta medansvar for ein sterk kommunal legevakt nær befolkninga . Dette er og i tråd med verdigrunnlaget i kapittel 3. Verken helseføretak eller kommune kan i så fall gjere endringar i sitt tenestetilbod einsidig. Noko av sjølvråderetten blir då borte og det er viktig at kommunen som part stiller med høg kompetanse i avtalearbeidet. Kapittel 6 Frivillig sektor og frivillighet i akuttmedisinsk beredskap Frivillig sektor omtales som ein stor ressurs men at det er nødvendig med nasjonal veileder på området og avklaring i høve til forsvarlighet og jus då dette ikkje er helsepersonell underlagt helsepersonellova. Dette er eg enig i. Kapittel 7 Kvalitet og pasientsikkerhet Dette er eit viktig kapittel for oss og det er her responstidar for utrykking for legevaktslege drøftast. Utvalet nyttar plutseleg uventa hjartestans som den dimensjonerande hendinga for dei mest tidskritiske situasjonane. Eit vellukka resultat krev; Hjarte-lungeredning ( hjartekompresjon ) og varsling til 113 innan 1 - 2 minutt, defibrillering ( hjartestartar ) innan 8-10 minutt og medisinsk behandling ( ambulanse, lege ) innan 10-12 minutt. For å oppnå dette i spreidd bygde strok foreslåast kompenserande tiltak som utplassering av hjertestartar og involvering av lokalt brannvesen og pleie- og omsorgssektoren i kommunen. Utvalet meiner at 95% av befolkninga må kunne nåast av legevaktslege innan 45 minuttar ved utrykking, og at alle tettstader ( definera av SSB ) må nåast innan same tidskrav. Utvalet kallar dette eit responstidsmål som ikkje skal forskriftsfestes men søkes oppfylla. Kommentar: Responstidsmålet gjev føringar for geografisk lokalisering av ein legevaktsentral og kor legevaktslegen kan opphalde seg på vakt. Konsekvensar for oss er truleg at legevaktslegen skal ha stasjonær vakt på legevaktsentral i nærleik av ambulanse eller anna utrykkingskjøretøy og ikkje heimebasert beredskapsvakt som no ( om legen ikkje bur eit sted som er innanfor responstidsmålet ). I og med at responstida ikkje er forskriftsfesta kan det sjå ut som unnatak er mogleg. Utvalet vil sjå responstida for naudetatane i samanhang sjølv om krava ikkje treng å være like. Eg meiner politi er ein viktig naudetat, men at responstida lokalt er eit veikt punkt som gjer at dei ikkje får fylt sin livreddande oppgåve, men kjem til når det er etterforskningstekniske oppgåver som står attende. Betre responstid for politi er naudsynt for at dei framleis skal kunne nyttast som ein livreddande og skadeførebyggande naudetat. Vedrørande responstid for helseteneste er det utarbeid ein nettløysing for berekning som heiter https://reisetid.helsedirektoratet.no//felles . Kommunen må nytte avstandsberekningar i planlegging av legevakt i framtida. Kapittel 8 Strategi for å redde liv - tidlig respons og førstehjelp Førstehjelp er viktig og opplæring bør skje på flere nivå frå barndom og oppover. Barnehage og skule er viktige i opplæring, men innsatsen kan bli betre. Oppvekstetaten i Tokke kan kanskje ha ein meining om forslaga. Eg merkar meg at utvalet slår fast at rask basal hjarte- og lungeredning ( hjartekompresjon) har betre effekt enn storstilla utplassering av defibrillatorar. Kapittel 9 Medisinsk nødmeldetjeneste Her skildras naudmeldetenesta med legevaktsentral ( LV ) og AMK-sentral. Det er trong for nye tekniske løysingar og auka kompetanse båe stader. LV sentral bør ha ein viss storleik for å sikre eit oppdragsvolum som gjev eit høgt fagleg nivå. Lokalkunnskap i mindre LV sentralar gjev betre effektivitet. Ansvaret for LV sentral bør ikkje leggest til fastlegekontor. For AMK-sentral er lokalkunnskap mindre viktig. Fyrstekontakt på telefon i staden for direkte oppmøte på legevakta gjev betre ressursbruk. Kommentar: Eg er samd, og forslaga er i samsvar med korleis den interkommunale legevakta i Tokke og Vinje drivast i dag. Kvaliteten på telefonkontaktane kan bli betre med høgare kompetanse hjå dei som svarar og gje betre prioriteringar. At LV sentral ikkje skal ligge på fastlegekontor trur eg tydar private kontor på stader der det er mange kontor. Kapittel 10 Øyeblikkelig- hjelptilbudet i kommunene Utvalet beskriv primærhelsetenesta som organisatorisk fragmentera med små og fysisk skilte einingar utan felles leiing og med forskjellige datasystem. Dei beskriv portvokterfunksjonen og dennes tyding for samla ressursbruk. For liten ressursbruk og dårleg kvalitet på kommunal legevakt vil gje kostnadsauke for helseføretaket grunna auka mengde innleggingar. Legens rolle er både portvakt og viktig for å sikre pasienten medisinsk forsvarleg oppfølging og behandling. Dei visar til studiar av hendingar i ein befolkning med konklusjon at det er 20-25 raud respons ( mest kritisk ) pr 1000 innbyggar pr år. Samstundes viser tal at det vanlegaste på legevakt er grøn respons dvs dei minst alvorlege hendingane som godt kunne venta til dagen etter. Forslaga deira er difor at kommunen må ha ein eiga plan for ø hjelp med heilskap mellom dei ulike døgnbaserte tenestene. Legevakta bør ha ein legevaktsoverlege i minimum 20% stilling. Kommuneoverlegens rolle må styrkes. Legane må rykke ut meir og konsentrere seg meir om dei alvorlege hendingane. Fast løn på vakt og andre rekrutteringstiltak foreslåast. Lege skal ikkje rykke ut åleine og skal ha tilgang til uniformera køyretøy. Kommune og helseføretak skal samarbeide om legevaktsbil. 90% av befolkninga skal kunne rekke frem til legevakta i personbil etter fartsgrensa innan 40 minutt. Kommentar: Analysen stemmer godt med mi erfaring. Av di vi praktiserar telefonkontakt før time på legevakt er prioriteringa på legevakta her god, men det er framleis mykje konsultasjonar på kvelden som hadde vore betre om fastlegane ordna med på dagtid. Talet på raud respons er høgare her enn landsgjennomsnittet, truleg pga stor menge skituristar men og en del vegtrafikkulukkar . Legane her deltek på utrykkingar og sjukebesøk. Når legen er med ambulanse ut kan fleire av raud responsane graderast ned og luftambulanse kan nokre gong avbestillast. Det er bra for samla ressursbruk i akuttmedisinsk kjede. Problemet med legens tryggleik på vakt har mange gonger bekymra meg så eg er samd i at legen ikkje skal være åleine på utrykking og sjukebesøk. Fast løn på legevakt er eg ikkje overtydd om er det einaste riktige men det kan sikkert og fungere. Eg har meir tru på fast beredskapsgodtgjering kombinera med aktivitetsbasera tillleg og meiner normaltariffen er godt eigna. Forslaga krev god kapasitet i fastlegeordninga. Forskriftsfesta krav om maksimal reiseavstand til legevaktsentralen må takast omsyn til og taler mest for å framleis ha den i Åmot i Vinje. Forslaga har konsekvensar for kommunen og fører til auka utgifter om ikkje finansieringsmodell endrast. Det er logisk at helseforetak og kommune har felles interesse i god kvalitet og at helseforetaket skal bidra til kvaliteten på legevakt også med økonomiske virkemiddel jfr utgift til legevaktsbil. Lenger ut i rapporten på side 182 held utvalet fram uniformert legevaktsbil med støttepersonell som det viktigaste tiltak for å betre tryggleiken på legevakt. Kapittel 11 Ambulansetjenesten Ambulansetenesta er sjukehusets forlenga arm. Luftambulansen er ein medisinskfagleg ressurs med høgt fagleg nivå og skal og bidrege til å oppfylle sentrale helsepolitiske mål som lik tilgjenge av helsetenester uavhengig av bustad. Helikopter skal nyttast der det gjev klår helsevinst. Utvalet meiner at nye tilbod bør prøvast ut i område med spreidd busetting for å kunne oppretthalde ei fullverdig ambulanseteneste og foreslår at ambulansepersonell hjelper til i primærhelsetenesta og på legevakt. Dei foreslå og ein ny ording med sjuketransportbilar som kan transportere pasientar liggjande men uten medisinsk overvaking. Kommentar: Tokke - og Vinje ambulanse har pga avstandane høg samla køyrelengde og transporttid sjølv om aktiviteten målt i talet på oppdrag kan være mindre. Kjøyrelengda auka etter at lokalsjukehuset vart sentralisera. På grunn av avstand til sjukehus må vi ha fullverdig ambulanse- og luftambulanseteneste som eit minimum. Sjuketransportbil vil være eit stort framskritt med tanke på til dømes sjukeheimspasientar som må transporters liggjande til og frå sjukehus og legekontor og heim og sjukeheim. Nærare samarbeid mellom legevakt og ambulanse lokalt vil helt sikkert gje fagleg utbytte hjå begge partar og kome pasientane til nytte som følgje av at legevakt og ambulanse i større grad fungerar som eit team. Kapittel 12 Psykisk helse og rus Akuttmedisinske tenester utenfor sjukehus skal gis til alle inkludert psykisk sjuke og personer med rusproblem. Utvalet har inntrykk av at somatisk og psykisk sjukdom møtes og behandles forskjellig og at det er vanskelig å få innlagt psyksisk sjuke akutt. Akutte ambulante team ved DPS har ikkje fungera utenom åpnigstida som dei skulle. Det er utfordringer med sikkerhet for personell på vakt og eit helsepolitisk mål i Noreg å redusere bruken av tvang. Kommentar: Tiltak for tryggleik for lege og personell på vakt støttes. Når det gjeld kompetanse er det etter min meining godt ivareteke ved spesialistutdanninga i allmennmedisin og treng ikkje ytterlegare obligatorisk kurs men det er no allereie vedteke i akuttmedisinforskriften. Kapittel 13 Hjerneslag Dette er eit eige kapittel om hjerneslag. Kapittelet er viktig av di det syner eit døme på at endra medisinsk behandling i spesialisthelsetenesta forplantar seg til det preshospitale feltet. Vellukka moderne behandling av hjerneslag er mogleg, men avhengig av rask kontakt med lokal akuttmedisinsk teneste for handsaming og transport. I 13.7 går det fram at luftambulanse er einaste eigna transportalternativ i distriktet her ( " Akuttutvalget er imidlertid av den oppfatning at hvis man kan nå til ønsket sykehus tidligere enn 30-60 minutter enn hva tilfellet hadde vært med vei - eller båtgående ambulanse bør det vurderes luftambulanse" ). Kapittel 14 Erfaringer fra andre land Gjennomgang av korleis andre land løysar det akuttmedisinsk utanfor sjukehus Kapittel 15 Økonomisk- administrative konsekvensar Utvalet meiner at fleire av tiltaka som er foreslegne er kostnadsnøytrale og nokre gjev sparing grunna effektivisering og andre gjev samfunnsøkonomisk vinst. Konklusjon: NOU 2015:17 Først og fremst, er ein fagleg sett meget god utgreiing. Som kommuneoverlege gjer eg min støtte til arbeidet og forslaga og råder til at Tokke kommune leverer eit høyringssvar i tråd med det. Eg har ikkje vurdera meir realpolitiske konsekvensar og ser at det kan være dilemma knytt til storleiken på befolkninga her og graden av ressursbruk på legevakt men eg synest at distriktomsyn og likeverdsprinsippet ser ut til å være godt tatt hand om. Rapporten har ein gjennomtenkt halding til sentralisering av tilbod. Det er ingen tvil om at realisering av forslaga vil gje befolkninga eit betre akuttmedisinsk tilbod. Dalen 16/3-2016 Lars Håvard Eriksen , kommuneoverlege i Tokke Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"