🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – NOU 2015:17 Først og fremst. Et helhetlig system for håndtering av akut...

Vinje kommune

Departement: Familiedepartementet
Høringssvar frå Vinje kommune Dato: 26.04.2016 Svartype: Med merknad Høringssvar NOU 2015:17 Først og fremst. Et helhetlig system for håndtering av akutte sykdommer og skader utenfor sykehus   Skriver med dette eit høringssvar som kommuneoverlege for Vinje kommune. Vinje kommune er ei geografisk stor distriktskommune i Telemark, ved foten av Hardangervidda med ca 3800 innbyggarar. Kommunen er ein populær vinterdestinasjon med fleire skianlegg, stort løypenett for ski og snøskuter. Dette medfører fleirdobling av personer som oppheld seg i kommunen i ferier, helger og høgtider. Dei siste åra har kommunen hatt stor gjennomtrekk av fastleger. Kommunen har per i dag legevaktssamarbeid med Tokke kommune som i dag har ein 10-delt vaktturnus. Viser til forslag om krav til maksimal reisetid til legevakt på 40 minutter for 90% av befolkninga, og 60 minutter for 95% av befolkninga.I tillegg blei det i akuttforskrifta i 2015 innført krav om bakvakt for turnusleger og leger som ikkje er godkjendt spesialister eller godkjent som allmennleger med tre års veileda teneste. Det er ein gradvis innføring, og blir gjeldande som krav frå mai 2018. Kravet til bakvakt for legevaktene fører til auka vaktbelastning i legekorpset i vaktdistriktet vårt. Auka vaktbelastning er ein slitasje for legane, som i sin tur truger stabiliteten til fastlegekorpset i vaktdistriktet. Vi har per i dag 10-delt legevakt, og med innføring av bakvaktesordning med dagens bemanning vil legane ha legevakt eller bakvakt kvart 6. døgn i gjennomsnitt. Det er også anbefalt at ein skal ha dedikert legebil når ein har legevakt. Legane bør i framtida heller ikkje rykke ut på sjukebesøk aleine, som det blir gjort i dag, men heller ha med støttepersonell. Ein anbefaler vidare døgnkontinuerlig minimumsbemanning på to personer på legevakt. Alt dette er ein rekke endringar, som vil medføre betydelig auka ressursbruk for driver av legevakta. Krava er dei same, uavhengig av størrelsen på vaktdisktrikt og pasientgrunnlag. Desse tiltaka nevnt over verker mynta for legevakter i byområder, eller betydelig større interkommunale legevakt med større pasientgrunnlag og ressurser tilgjengeleg enn kva som er aktuelt for vårt vaktdistrikt. Då står distriktskommunene foran valget mellom å satse betydelige ressurser og personell på eigen legevakt, eller søke samanslåing til ei større interkommunal legevakt. Då kjem utfordringa dersom ein tek hensyn til maksimal reisetid til legevakter, som vil kunne gjere det vanskeleg for oss å søke samarbeid med ein større interkommunal legevakt. Særlig gjeld det dersom ein skal ta høgde for sesongvise store svingningar med perioder med fleirdobling av personer som oppheld seg i kommunen. Paradoksalt nok ville ikkje reisetida til legevakt vore problematisk dersom vi hadde hatt moglegheit til å samarbeide med ein større kommune/bykommune i vår region. Ein konsekvens av samarbeid med ein nærliggande stor kommune/bykommune ville ført til at fordelinga av befolkninga i vaktdistriktet ville sett heilt annleis ut, og ein ville ikkje ha vansker med at 90% av befolkninga i det distriktet skulle nå fram legevakta innan 40 minutt. Ønsker med dette å belyse nokon av problema for dei små distriktskommunene og dei små legevaktene. Eg ber om at det vurderes eventuell dispensasjon kva gjeld reisetid til legevakt slik at kan halde det åpent for eventuelle vidare samarbeid med andre kommuner med tanke på legevakt.   Rune Aasbø Lystad  Kommuneoverlege Vinje kommune Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"