Høyringssvar frå Høgskulen i Volda Dato: 11.04.2016 Svartype: Med merknad Høgskulen i Volda viser til høringssvar frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og støttar deira overordna vurderingar. I ein nasjonal samanheng utgjer fagmiljøa på nynorsk i Volda og Ørsta ei samla klynge med forsking, utdanning, formidling og undervisning. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er eit viktig element i dette bildet og det ville vere særs uheldig om denne skulle bli svekka. Nynorsksenteret representerer også ein randsoneaktivitet som aukar Høgskulen i Voldas kontakt med arbeidslivet og bidreg til styrka rekruttering og breidde i det samla miljøet i Volda. Mvh Johann Roppen Rektor, Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"