Kommentar til Høringsnotat " Forslag til forskrift om tilskudd til utsiktsrydding i kulturlandskapet" frå Landbruks - og matdepartementet, 14.mars 2016 Dato: 10.04.2016 Svartype: Med merknad Om innrettinga. Ordninga rettar seg mot "kulturlandskap,vegkantar og utsiktspunkt av særlig verdifull karakter for landbruket og reiselivsnæringa" (s.3) Å kople landbuket og reiselivsnæringa kan vere polsitivt. Næringane kan inspirere og støtte kvarandre gjensidig viss ein klarer å skape nøktern balanse mellom dei.Men basisen er sjølvsagt, og må vere, landbruket, og prioriterngane må vere deretter. Tittelen "Utsiktsrydding" kan etter dette resonnementet vere misvisande, departementet bør prøve å finne ein annan, meir dekkande tittel. Ikkje alle kriteria for tildeling som er ført opp under punkt 4, s.4 peikar mot utsiktsrydding direkte, meir mot støtte til landbruket, t.d. dette: "prosjekter hvor arealene senere vil bli vedlikeholdt ved beiting." Dette er både vel og bra, og tittelen på ordninga bør avspegle ei slik prioritering, ei prioritering som i realiteten vil støtte begge næringane. Opne beitelandskap er ein verdi både for landbruket og turistnæringa. "Gjengroing er en ulempe for landbruket, og kan også svekke grunnleget for blant annet reiselivet som er i vekst," står det i høyringsnotatet (s.3) Å halde oppe eit aktivt landbruk, gjerne med offentleg støtte av mange slag, er vel det viktigaste mottiltaket å setje inn mot dette problemet. Vi helsar denne ordninga velkomen, og såg gjerne at stat og fylke vart meir aktive i å legge til rette for samdrift og offentleg drift, der jord ligg brakk. Om kriteria for tildeling. Sikkerheit. Kriteria som er ført opp s. 4, er greie kvar for seg, men vi saknar eitt, omsynet til sikkerheit, som vel burde vere overorda dei andre kriteria.Om fastbuande og turistar skal trivast og kjenne seg trygge på bygdene, bør sikkerheit prioriterast. Orkanen Dagmar tok t.d. over hundre tre i eit skogfelt her på Fjørtoft. I 970-åra vart det planta sitgagran i offentleg regi mange stader langs kysten, trea har no vakse seg svært høge ( over 35 m) og nye småskogar har vakse opp mange stader ved frøspreiing. Dei høge trea som gjerne står nært hus, vegar og krafliner, utgjer ein fare i storm og orkan.. Desse trea bør fellast først. Brannsikkerheit er og eit moment som må tenkjast inn når ein planlegg rydde-prosjekta. Kari Fjørtoft Medlem i Arbeidsgruppa for skogrydding på Fjørtoft Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"