Til § 4
I høyringsnotatet står det at «§ 4 første ledd annet punktum endres slik:» Vegtilsynet går ut frå at det ikkje er meint å vise til punktum, då fyrste ledd berre består av éin setning.
Til § 5
Denne paragrafen set krav til at det skal gjennomførast s ikkerheitsrangering og sikkerheitsforvaltning av det eksisterande vegnettet minst kvart tredje år. I retningslinjene til forskrift om sikkerhetsforvaltning av veginfrastrukturen (vegsikkerhetsforskriften) vert det gitt ei nærare beskriving av innhaldet i § 5 og metode for gjennomføring av rangeringane. I tillegg har Vegdirektoratet gitt regionane nærare rettleiing i eit notat for å sikre lik gjennomføring, jf. vår tilsynsrapport i sak 2014-01 Implementering av vegsikkerheitsforskrifta og tunnelsikkerheitsforskrifta .
Slik Vegtilsynet har forstått det, har Statens vegvesens i praksis gjennomført rangeringane annakvart år. Dette skjer ved at ein gjennomfører rangeringar i samband med utarbeiding av NTP kvart fjerde år og ved å oppdatere rangeringane i samband med utarbeiding av handlingsprogrammet i perioden mellom to NTP-revisjonar. Det har vidare vore praksis at rangeringa vert gjennomført for heile riksvegnettet og ikkje berre TEN-T-vegnettet.
Vegtilsynet stiller spørsmål ved om det bør gjennomførast tiltak for å sikre lik praksis mellom regionvegkontora og det statlege utbyggingsselskapet, både når det gjeld gjennomføring av rangeringane, men òg oppfølging av rangeringane, jf. § 5 tredje ledd. Vegtilsynet meiner det ville vore naturleg med ei nærare forklaring i høyringsnotatet om praktisering av denne paragrafen av regionvegkontora og det statlege utbyggingsselskapet.

Til § 6 og § 7
Vegtilsynet stiller spørsmål ved kvifor ein i desse paragrafane brukar omgrep som «sine veger» og «sitt vegnett», i staden for «veger som de har ansvaret for» og «vegnett som de har ansvaret» for, dersom det ikkje er meint å innebera ein realitetsforskjell. Det vert i denne samanheng vist til ordlyden i forslaga til endring i forskrift om sikkerhetsforvaltning av veginfrastrukturen (vegsikkerhetsforskriften) §§ 3 til 5 og i veglova § 9.
Til § 7
Vegtilsynet meiner vidare at det kunne vore tydeleggjort i forskrift om sikkerhetsforvaltning av veginfrastrukturen (vegsikkerhetsforskriften) eller i retningslinjene til forskrifta kva som er formålet/hensikta med ulykkesrapportane etter § 7 og korleis dei skal følgast opp.
Til § 2
Vegtilsynet er einig i at tredje ledd vert oppheva.
Vegtilsynet stiller spørsmål ved om § 2 andre ledd, jf. § 12, òg kan opphevast, dersom tunnelane som det vert vist til i andre ledd er omfatta av fyrste ledd, jf. «på prosjekteringsstadiet». Vegtilsynet viser i denne samanheng til forskrift 10. desember 2014 nr. 1566 om minimum sikkerhetskrav til visse tunneler på fylkesvegnettet og kommunalt vegnett i Oslo (tunnelsikkerhetsforskrift for fylkesveg m.m.) § 2 Virkeområde og § 12 Tunneler som allereie er i bruk . Det må då vurderast om andre paragrafar i forskrift om minimum sikkerhetskrav til visse vegtunneler (tunnelsikkerhetsforskriften) må endrast, til dømes § 8, fjerde ledd.

Vegtilsynet stiller spørsmål ved om formuleringa «tunneler som til enhver tid ligger på den del av riksvegnettet som de har ansvar for» er formålstenleg når det er tale om tunnelar som er i planleggings- eller prosjekteringsfasen.
Til § 6
Vegtilsynet er av den oppfatning at den foreslegne ordlyden i fyrste ledd siste setning, av omsynet til konsekvent omgrepsbruk, bør endrast frå «fleire tunneler innenfor tunnelforvalters ansvarsområde» til «fleire av tunnelene som ligger på den del av riksvegnettet som tunnelforvalter har ansvar for». Vidare stiller Vegtilsynet spørsmål ved bruken av omgrepet «i forhold til» i denne setninga, og meiner dette bør endrast.
Vegtilsynet meiner at det i høyringsnotatet kunne vore tydeleggjort kva som ligg i kravet om uavhengigheit i fyrste ledd andre setning og korleis slik uavhengigheit skal sikrast.

Til § 8
Sjølv om det ikkje er foreslått endringar i denne paragrafen, ynskjer Vegtilsynet å be om at departementet vurderer å endre fjerde ledd.
Vegtilsynet viser til at det av § 8 fyrste ledd går fram at alle tunnelar som er omfatta av forskrift om minimum sikkerhetskrav til visse vegtunneler (tunnelsikkerhetsforskriften) skal «oppfylle minstekravene til sikkerhet fastsatt i vedlegg I og II til forskriften». Det er gitt unntak frå dette utgangspunktet i andre ledd. I fjerde ledd er det gitt ei avgrensing av unntaksregelen i andre ledd. Det står at «Første til tredje ledd får ikke anvendelse på tunneler på prosjekteringsstadiet som nevnt i § 2 annet ledd, jf. § 12». Denne ordlyden er sjølvmotseiande, ettersom den inneber at verken hovudregelen i fyrste ledd eller unntaksregelen i andre ledd gjeld for desse tunnelane. Dette samsvarar ikkje med ordlyden i direktivet og i § 2 andre ledd.
Vegtilsynet har fått stadfesta av Statens vegvesen at forskrift om minimum sikkerhetskrav til visse vegtunneler (tunnelsikkerhetsforskriften) er feil på dette punktet, og at innhaldet er meint å vera likt som i direktivet, jf. vår tilsynsrapport i sak 2014-01 Implementering av vegsikkerheitsforskrifta og tunnelsikkerheitsforskrifta .
Vegtilsynet foreslår at ordlyden i fjerde ledd vert endra til « Andre til tredje ledd får ikke anvendelse på tunneler som nevnt i § 2 annet ledd, jf. § 12.»

Til § 9
Vegtilsynet har fått avklart at Statens vegvesen legg til grunn at omgrepet «underrette» i tredje ledd skal bli forstått som «pålegge», og at det inneber at Vegdirektoratet, i rolla som forvaltningsmyndigheit, kan instruere regionvegkontoret (tunnelforvaltar) om at det må gjerast utbetringstiltak, jf. vår tilsynsrapport i sak 2014-01 Implementering av vegsikkerheitsforskrifta og tunnelsikkerheitsforskrifta .
Vegtilsynet stiller på denne bakgrunn spørsmål ved om ordlyden «underrette» ein skal tolke ordlyden som «informere» eller «pålegge». Dersom realitetsinnhaldet i regelen er å pålegge, så meiner Vegtilsynet at denne ordlyden bør brukast.

Til § 12
Vegtilsynet meiner at det bør vurderast om denne paragrafen skal slettast. Sjå merknad til § 2.
Til § 14
Vegtilsynet viser til at § 2 tredje ledd er foreslått oppheva, det inneber at § 14 fyrste ledd må vise til § 2 tredje ledd og ikkje § 2 fjerde ledd.
Til § 15
Vegtilsynet stiller spørsmål ved om ein i fyrste setning burde presisere om kravet gjeld alle tunnelar tunnelforvaltar har ansvar for på riksvegnettet, eller om det berre gjeld tunnelar på TEN-T-vegnettet.
Trude Tronerud Andersen Ida Blomhoff Pedersen
direktør juridisk rådgjevar