Høringsuttalelse frå Kinn kommune ved Kinn utdannings- og ressurssenter (KURS KF)
Vi viser til høringsbrev av 9.september 2024.
KURS KF set pris på høve til å gje innspel på forslag til endringar i integreringslova og tilhøyrande forskrifter. Vi er eit kommunalt føretak med lang erfaring med å levere introduksjonsprogram, vaksenopplæring og andre integreringstiltak til asylsøkjarar, flyktningar og innvandrarar i Kinn kommune.

Overordna tilbakemelding
Det er utfordrande å ta stilling til omfattande endringar i lovverk når vi står midt i oppi ein unormal situasjon, vi er difor kritiske til grunnlaget for evalueringa av loven. Departementet må ta omsyn til at høyringsinnspela dei no får inn er prega av at alle som jobbar i dette feltet er i ei unntakstilstand.
Vidare er det svært viktig for oss at lovverket er utforma slik at det gir rom for lokal fleksibilitet og skjønn. Vi har i tidlegare høyringar for endringar i lov- og forskrift uttalt at lovverket er blitt for detaljert. Desse forslaga her er også med på ytterlegare snevre inn vårt handlingsrom og mogelegheitene til å gjere individuelt og lokalt tilpassa integreringsarbeid.
Mange og nye krav legg mykje press og tar mykje kapasitet frå dei som skal levere tenestene. Eit veldig detaljert regelverk kan også gjere det vanskeleg for oss å få prioritert midlar frå kommunebudsjettet til innovative tiltak som kanskje går ut over eller er på sidan av dei lovpålagte minimumskrava.
KURS KF er positiv til at flyktningar skal tidleg ut i arbeid, og støttar også forslaget om å klargjere at målsetninga med introduksjonsprogrammet er ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Samtidig vil vi påpeike at det krevst tilstrekkeleg med ressursar og kompetanse både hos kommunen og i arbeidslivet for å få fleire flyktningar i jobb. Mange står utanfor arbeidslivet på grunn av manglande ferdigheiter i norsk. KURS KF er kritisk til departementets vurdering om at desse lovendringane ikkje medfører vesentlege auka kostnadar.

Forslag om å utvide aldersgruppa for introduksjonsprogram (Integreringslova § 8)
Det er foreslått å utvide målgruppa til å omfatte personar opp mot fylte 60 år. KURS KF stiller seg positiv til denne lovendringa. Frå eit integreringsperspektiv synes dette å vere riktig då mange av dei som er fylte 55 år framleis har stor restkapasitet. Nokre hamnar likevel på sosialstønad. Kommunen er opptatt av å bidra til at fleire i aldersgruppa over 55 år kjem i arbeid.
Dei siste åra har kommunen har busett fleire ukrainarar i denne aldersgruppa, og vår erfaring tilseier at det er ei gruppe som krev meir ressursar. Det kan for eksempel handle om helseutfordringar eller om evne og motivasjon til å lære eit nytt språk. Nokre kan også vere analfabetar og lite rusta til å fullføre eit introprogram. Overgangen er til arbeid er ikkje like enkel for desse. Det betyr at måloppnåinga innanfor ramma av introduksjonsprogrammet er svært avhengig av individuelle forhold.
KURS KF er kan vere einig i departementets vurdering av at forslaget ikkje vil utfordre kommunens kapasitet nemneverdig i ein normalsituasjon . Samtidig kan det stillast spørsmål ved kva som er ei «normal situasjon» på dette feltet og kommunane må bli tilstrekkeleg kompensert for arbeid som er meir ressurskrevjande.
KURS KF ber også om at departementet ser nærmare på regelverket for stønader for eldre flyktningar. Kommunar opplever no ei stor auke i kostnadane til sosiale stønader. I ein allereie svært vanskeleg kommuneøkonomi setter dette eit veldig press på kommunane. Det utfordrar den generelle viljen og evnen til å ta i mot og busette flyktningar.

Forslag om forkorta program, om foreldrerettleiing og kurs i livsmestring
KURS KF er ikkje einig i premissen om å forkorte programmet for dei som har utdanning på vidaregåande nivå eller høgare. Vi trur det vil gje oss mindre rom til å finne gode løysingar tilpassa den enkelte. Vi ser mellom anna at mange vil ha godt av å ha eit program over litt lengre tid, men i kombinasjon med jobb.
KURS KF støttar ikkje forslaget om at det kan bli gitt forkorta foreldrerettleiing for deltakarar med høgare utdanning. Vi meiner det som ein hovudregel bør gjevast fullt foreldrerettleiingsprogram, men med mogelegheit til å tilby eit kortare program dersom ei individuell vurdering tilseier det. Vi meiner det er problematisk å argumentere med at det behovet for foreldrerettleiing er ulikt ut frå utdanningsnivå. Det som er til felles for svært mange er at dei står i ei form for livskrise, samtidig som ein skal vere gode foreldre i eit heilt nytt land. Behovet hos den enkelte bør difor vere styrande.
Vi støttar ikkje forslaget til å fjerne eller forkorte kurset i livsmeistring. Kurs i livsmeistring er eit svært viktig element i introduksjonsprogrammet, og etter vårt syn noko av det viktigaste vi gjer. For det første inneheld det fleire element av arbeidsretting. For det andre gir det ein måte å skape rom til å møte dei utfordringar flyktningane står i her og no. Tar ein bort det rommet, vil ein, etter vår erfaring, risikere å forsterke andre eksisterande/underliggande problem. Som igjen kan gjere det vanskelegare å få til varig tilknyting til arbeidslivet. Slik det er no gir også faget ein arena å også invitere inn andre kommunale tenesteområde (NAV, helsestasjon m.m.). KURS KF ønsker difor ikkje at kurset livsmeistring verken skal takast ut eller bli forkorta.

Forslag om krav til arbeidsretta element tidleg i programmet
KURS KF er positive til ei arbeidsretting av introduksjonsprogrammet, men ønsker ikkje at det skal lovfestast eit krav til omfang i timetal. Det som er foreslått er berre prøvd ut i nokre få månadar. Vår oppfatning er at med desse lovendringane mister vi mykje av vårt handlingsrom. Målet om skreddarsaum, som låg til grunn for integreringslova, forsvinn med ei slik detaljregulering.
Vi har tidlegare meint at dersom det skal vere minstekrav om arbeidsretta innhald må dette definerast som prosent/del av programtida.
KURS KF er uroleg for at departementet feilbereknar kva ressursar som trengs for at fleire flyktningar skal få innpass og kvalifisere til arbeidslivet. Opplevinga vår er at arbeidsgjevarar ikkje har naudsynt kompetanse eller kapasitet til å sysselsetje menneske utan funksjonell språkkompetanse. Skal dette innførast, må tiltaket følges opp med relevante verkemidlar overfor arbeidsgjevarar og tilstrekkeleg med midlar til NAV, for å bistå kommunane i arbeidet.
Utan tilstrekkelege ressursar til opplæring, rettleiing og oppfølging vil deltakarane mislukkast med å nå målet i introduksjonsprogrammet, og trenge sosialstønad vidare.
KURS KF meiner at reguleringa også vil redusere vår mogelegheit til å jobbe med nyskaping og fagleg utvikling, kor ein testar ut nye måtar å gjere ting på. Det blir i større grad eit jag etter å oppfylle eit minstekrav og krysse av boksar på kva ein (i teorien) har oppfylt og ikkje.

Forslag knytt til programtid
Departementet foreslår at for deltakarar med VGO frå før, skal varigheita på programmet vere 12 månadar, utan forlenging. KURS KF stiller seg positiv til dette forslaget.
Det er også forslag om å utvide programtida med eitt år for dei som skal gjennomføre formell opplæring, noko som skal bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring innanfor ramma av introduksjonsprogrammet. Vi er kritiske til dette forslaget. Vi meiner dette er noko som vil pålegge kommunen ei ekstra utgift, då ein overfører kostanden frå staten (gjennom rettigheitar til flyktningstipend) til kommunen (introduksjonsstønad). Vi er usikre på om forslaget vil ha den ønska effekten, og vi meiner det bør gjerast ei meir grundig kostnadsberekning av dette forslaget.
Vi er heller ikkje einige i forslaget om at ein ikkje lengre kan ha fullført grunnskule som sluttmål. I mange tilfelle vil det ikkje være realistisk å fullføre både grunnskule og vidaregåande, sjølv om ein utvidar ramma med eitt år.

Forslag om å oppheve forskrift til integreringslova § 37 b og 37 c
Det er vårt inntrykk at fylkeskommunen har avgrensa kapasitet, og difor fungerer ikkje alltid karriererettleiingstenesta etter hensikta. Vi er difor kritiske til at det ikkje er foreslått auka økonomiske tilskot til oppgåva no når dei med kollektivt vern skal omfattast av same regelverk som andre flyktningar. Vår erfaring er også at det er vanskeleg å gje karriererettleiing tidleg i programmet, det er mykje som avdekkast etter kvart. Kvaliteten på tidleg karriererettleiing kan difor vere varierande.
Forslag om å lovfeste kva eining i kommunen som skal ha ansvar for samordning av introduksjonsprogrammet
KUSR KF støtter ikkje forslaget. Det er vanskeleg å sjå kva ein vil oppnå med denne lovfestinga, og vi meiner forslaget dessutan strider med sentrale prinsipp om kommunalt sjølvstyre.
Vår kommune har organisert arbeidet i eit kommunalt føretak og har utvikla ein velfungerande modell over tid. Ei slik detaljregulering som departementet foreslår vil potensielt gjere det vanskeleg for oss, eller andre, til å etablere eller prøve ut måtar å organisere arbeidet på som passar den enkelte kommune.