Dato: 19.11.2024 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda Nynorsksenteret har ansvar for å rettleie dei som driv med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar, og har eit særskilt mandat i å bidra til å styrke opplæringa på nynorsk for vaksne innvandrarar. Deltakarar og elevar som bur i nynorskkommunar, skal få god opplæring i norsk og samfunnskunnskap på nynorsk. Når det gjeld faglege og pedagogiske spørsmål som gjeld målgruppa, og med grunnlag i opplæringslova og integreringslova, oppmodar Nynorsksenteret generelt til å samordne og styrke undervisninga som skjer lokalt. Dette for at opplæringa best mogleg skal vere tilpassa ulike elevgrupper. Det er då viktig å merke seg at målgruppa treng jamstilte, tilstrekkelege og gode ressursar tilgjengeleg for god nynorskopplæring. Viser også til teksten Nynorsk for innvandrarar? Sjølvsagt! https://nynorsksenteret.no/blogg/nynorsk-for-innvandrarar-sjolvsagt Helsing Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"