🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om forslag til ny forskrift om forbud mot markedsføring av visse næringsm...

Institutt for samfunnsmedisin, UiT-norges arktiske universitet, Tromsø

Departement: Familiedepartementet
Dato: 21.11.2024 Svartype: Med merknad Helse- og omsorgsdepartementet Innspel til høyring om ny forskrift om forbod mot marknadsføring av visse næringsmidlar retta mot barn og ny heimel i matlova om lovbrotsgebyr Vi viser til høyring med frist 22. november 2024. Institutt for samfunnsmedisin ved UiT Noregs arktiske universitet støttar forslaget om eit forbod mot marknadsføring av visse næringsmidlar retta mot barn under 18 år. Vi er glade for at Helse og omsorgsdepartementet (HOD) no følgjer opp Folkehelsemeldinga og stortingsvedtaket (2023) som bad om forskriftsfesting av forbod mot marknadsføring av usunne matvarer mot barn. Dette er eit tiltak som ikkje berre har blitt etterlyst av politikarane, men også av småbarnsforeldre/folk flest [1] , og ekspertar på folkehelsetiltak. Vi viser i denne samanhengen til Verdshelseorganisasjonen (WHO) og Ekspertgruppa for effektive kosthaldstiltak [2] . Vi synest høyringsnotatet gjer ei grundig drøfting av relevante moment, og har avklart det juridiske rammeverket på ein god måte. Vi vil særleg framheva som positivt at HOD har avklart at ein med barn meiner alle under 18 år. Dette er i tråd med Barnekonvensjonen, men også med nasjonalt regelverk på andre folkehelseområde, som tobakk og alkohol. Barn og unge er spesielt utsette for påverknad frå marknadsføring, og det er godt dokumentert at reklame for usunne produkt har negativ påverknad på matvanane deira. Dette forbodet vil difor vera eit viktig tiltak for å redusera førekomsten av kosthaldsrelaterte sjukdommar på lang sikt, og å fremja folkehelse, og redusera førekomst av overvekt og fedme blant barn på kortare sikt. Når ein i tillegg veit at matvanar ofte følgjer ein gjennom livet kan den langsiktige vinsten bli stor. Det kan bli lettare for familiar å gjera sunne matval som ein konsekvens av marknadsføringsforbodet. Det er også positivt at det er knytt sanksjonsmidlar til forskrifta. Vi meiner at ei obligatorisk ordning med sanksjonsmidlar vil ha større effekt enn den noverande sjølvreguleringsordninga (Matvarebransjens faglige utval, MFU) som er styrt av bransjen sjølv. På grunnlag av Barnekonvensjonen og omsynet til barnets beste støttar både WHO og UNICEF regulering av marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn. Forsking på kommersielle determinantar av helse viser også at reguleringsordningar verkar, og er eit viktig politisk instrument [3] . Det kjem ikkje tydeleg fram av høyringsnotatet om det framleis skal vera høve for vanlege borgarar å melda inn moglege brot på forskrifta. Dette kunne vore tydeleggjort i høyringsnotatet eller forskriftsteksten. Det er viktig at vi får ei god lokal oppfølging av etterlevinga av forskrifta. Sjølv om vi er positive til at framlegget er noko utvida jamført det som MFU har praktisert – det gjeld marknadsføring «retta mot barn», ikkje berre marknadsføring «særleg retta mot» barn, så ville vi ideelt ha ønska oss ei formulering på line med det WHO tilrår: «eksponert for» eller «utsett for». Dette fordi det totale marknadsføringspresset sjølvsagt også spelar inn, og reklame til dømes i buss-skur, på sjokoladeautomatar, eller under landslagskampar i handball (fysisk eller på fjernsyn) er med og påverkar matmiljøet til barn sjølv om dei ikkje spesifikt er retta mot barn. I tillegg meiner vi at HOD må følgja nøye med på kva som skjer med produktutforming og emballasje. Vi ser at emballasje blir brukt til å kommunisera med barn, enten om det er med teikneseriar/figurar, eller gåter/læringsaktivitetar, og at unntaket for emballasje kan vera uheldig. Dersom det ikkje er mogleg å endra emballasjen, er det essensielt å vurdera hylleplasseringa nøye, i og med at den kan ha mykje å seia for korleis produkta blir oppfatta og tilgjengeleggjort for forbrukarane. Fleire produkt som blir kategoriserte som barnemat kunne med fordel blitt kategoriserte (og plasserte saman med) snacks og søtsaker. Vi meiner produktlista (vedlegg 1) er eit godt startpunkt, og støttar fullt forbod for dei seks første gruppene. Det er mogleg eit totalforbod mot marknadsføring retta mot barn hadde vore enklare å handheva, og vi ber om at produktlista blir evaluert med jamne mellomrom i og med at omfanget av produktutvikling i bransjen gjer at det kjem mange nye produkt til kvart år, og det er viktig at lista er oppdatert og relevant i høve til moglege smetthol. Til dømes når det gjeld tilsett sukker/frie sukker har vi sett stor kreativitet i produktformuleringa for å kunna reklamera med «utan tilsett sukker», og det er viktig at HOD brukar ordlydar i produktlista som fangar opp både kunstige søtstoff, tradisjonelle søtstoff og konsentrat/puréar. Referanser: [1] Mellom anna vist i undersøking gjort av Ipsos for Forbrukerrådet, 2023 (upublisert) og “A study on public support for childhood overweight and obesity prevention policies in 5 Nordic countries”, Epinion, November 2024 Tilgjengelig her: A study on public support towards overweight and obesity prevention policies among children in 5 Nordic countries - Nordic Cancer Union’s project: Common actions for the prevention of overweight and obesity among children [2] Policies to protect children from the harmful impact of food marketing: WHO guideline. Geneva: World Health Organization; 2023. Effektive kosthaldstiltak. Rapport frå ekspertgruppa om kostnadseffektive tiltak som kan føre til eit betre kosthald og jamne ut sosiale forskjellar i kosthaldet, HOD rapport I-1215 B; 2023. [3] Commercial determinants of health: future directions. Friel, Sharon et al. The Lancet, Volume 401, Issue 10383, 1229 – 1240. Tilgjengeleg her: Commercial determinants of health: future directions - The Lancet Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen