Dato: 20.11.2024 Svartype: Med merknad Me viser til Helse- og omsorgsdepartementets brev 23. august 2024 i saka. Justis- og beredskapsdepartementet har følgjande merknader: Forskriftsframlegget rettar seg generelt mot marknadsføring overfor «barn», som etter definisjonen er alle under 18 år. Det kan vera grunn til å vurdere om dette forbodet i alle tilfelle skal gjelde likt overfor alle i denne gruppa. Eksempla nemnde i framlegga til § 4 fyrste ledd bokstav d og andre ledd bokstav d og e og 5 om kva som skal vera omfatta av forbodet eller kan medverke til at noko blir omfatta, rettar seg i all hovudsak mot yngre born. I reglane i marknadsføringslova om vern av born heiter det at det skal takast omsyn til «barns påvirkelighet, manglende erfaring og naturlige godtroenhet», noko som òg rettar seg særleg mot yngre born. Ei liknande løysing kan vurderast her. I mange tilfelle vil marknadsføring og produkt som rettar seg mot dei eldste gruppene av personar under 18 år, òg rette seg mot personar over 18 år, til dømes ved at målgruppa er personar mellom 15 og 20 år. Dersom slik marknadsføring skal bli forbode av di ho mellom anna rettar seg mot dei eldste gruppene «barn», vil forskriftsframlegget innebera eit totalt marknadsføringsforbod for produkta òg overfor vaksne. Det bør vurderast nøye om ein slik konsekvens er føremålstenleg og forholdsmessig. Dette vil særleg påverke vurderinga av om framlegget oppfyller kravet etter EØS-retten om å vera forholdsmessig, men gjeld òg meir generelt. Framlegget til § 2 fyrste ledd gjeld ikkje verkeområdet til forskrifta, og det går fram i andre føresegner at forskrifta rettar seg mot produkt som nemnt i vedlegget. Denne føresegna bør difor takast ut. I framlegget til § 4 fjerde ledd heiter det at marknadsføring av produkt omfatta av vedlegg I skal «ikke forekomme på en måte som oppfordrer voksne til å kjøpe produktet til barn». Me går ut frå at meininga er at marknadsføring som oppmodar vaksne til å kjøpe slike produkt til born, skal vera forbode, på lik linje med marknadsføring av slike produkt retta mot born. Det bør koma tydeleg til uttrykk i forskrifta, til dømes i fyrste ledd. Framlegget til § 4 femte ledd er ingen regel, noko som òg kjem til uttrykk i høyringsnotatet. Ei slik oppmoding bør ikkje takast inn i forskrifta, men kan eventuelt heller koma til uttrykk i rettleiingsmateriale eller liknande. I framlegget til § 5 heiter det at produkt som er omfatta av vedlegg I, «skal på utsalgssteder ikke plasseres i tilknytning til andre produkter og tjenester som appellerer til barn». Denne formuleringa er vid og kan til dømes omfatte sal av mat og snacks i underhaldningsparkar eller på kino og teater som viser barnefilmar eller barneførestillingar. Ei viss tilknyting til produkt eller tenester som etter sin art appellerer til born, kan i slike situasjonar vera vanskeleg å unngå. Me går ut frå at det er ikkje er meininga å råke desse tilfella, og det bør vurderast om det skal gå fram noko om dette av forskrifta. Det bør òg vurderast om det er behov for denne paragrafen. Forbodet mot ei slik plasseringa av dei aktuelle produkta vil etter vår forståing innebera at plasseringa utgjer ei form for ulovleg marknadsføring, og då kan det høve betre å ta dette inn i § 4. I vedlegget punkt 8 er det sagt at forskrifta gjeld «alle typer melk og plantebaserte drikker» utanom syrna variantar, men slik me forstår grenseverdiane i høgre spalte, er det mjølk og andre drikkar med tilsett sukker eller søtstoff som skal vera omfatta. Det bør ut frå dette seiast i hovudspalta at forskrifta gjeld «melk og plantebaserte drikker tilsatt sukker eller søtstoffer, utenom syrnede varianter», og så kan grenseverdiane for tilsett sukker eller søtstoff følgje av høgre spalte. Dersom det er meininga at òg mjølk med høgt feittinnhald eller andre drikkar med høgt feittinnhald skal vera omfatta, bør det gå tydeleg fram. Vedlegg Høring - forslag til ny forskrift om forbud mot markedsføring av visse næringsmidler rettet mot barn - JDs svarbrev.pdf Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen