Innspel til høyring om endring av regelverk for akvakulturtilllatelsar på land
Viser til utlyst høyring angjeldande ovannemnde regelverk. På vegne av Hardanger Fjellfisk AS vil me koma med eit innspel til høyringa. Me har ingen innspel når det gjeld skillet mellom land og sjø, men derimot sterke meiningar angåande framlegg om krav til 100% desinfeksjon av alt inntaksvatn til alle typar akvakulturanlegg – utan å skilje på art, vasskjelde eller liknande.
Bakgrunn:
Hardanger Fjellfisk AS produserer lokal fjellaure, Salmo trutta i ein fjellhall i Tyssedal, Ullensvang kommune i Vestland. Råvatnet er klårt fjellvatn frå Hardangervidda (Ringedalsvatnet ved Trolltunga). Årleg tilleten produksjon er 150 tonn. Til no (sidan 1998) har maksimal produksjon vore om lag halvparten.
Hovedsyn:
Slik me ser det, vil eit krav om 100% desinfeksjon av alt vårt inntaksvatn vera klårt urimeleg og heilt unødvendig. Vatnet frå Hardangervidda har ikkje oppgong av anadrom fisk, og det er særs låg sannsyn for at smitte kan komme opp i vasskjeldene. Når ein legg til at det me driv er oppal av ferskvassfisk (med relativt låg tal patogener sett opp mot sjøvassfisk) og at det er ingen spredning til øvrig ferskvassfisk (anlegget ligg på kote 2.0, ingen nedstraums fisk) og at ferskvasspatogener med høgt sannsyn vert inaktiverte når dei kjem i kontakt med sjøvatn, klargjer det kvifor me meinar at det er sterkt urimeleg å verta pålagt reinsing slik foreslått.
Forvaltningsmessig kan ein sjå at der forenklande for handsaminga å gje alle like vilkår, men diversiteten mellom alle artar i akvakultur er så stor at det er ei alt for stor belastning for dei mindre produsentane å måtte gjera aldeles unødvendige investeringar og tiltak i allereie eksisterande anlegg for å desinfisera inntaksvatn mot ei smitte som ikkje finnes i dette vatnet.
Vår synspunkt oppsummert:
Hardanger Fjellfisk AS