Dato: 11.11.2024 Svartype: Med merknad Sognarådet interkommunalt politisk råd (IPR) ynskjer med dette å komme med innspel til Statnett sin konseptvalutredning for Indre Sogn. Det er særs gledeleg at Statnett har gjennomført ein grundig analyse av kraft- og nettsituasjonen i Indre Sogn. Konseptvalutredninga er god og konkluderer med ei anbefaling om ein ny forbindelse frå Sogndal til Årdal. Sognarådet IPR ynskjer at konsept 2.3 blir det endelege konseptet. Då vil den nye kraftlinja gå i område som det allereie er utført naturinngrep i, og ein vil i stor grad sleppa å ta i bruk område som det ikkje er gjort inngrep i frå før. Dette er omsyn det er viktig å ha med seg i prosessen framover. Å leggja til rette for betre nettkapasitet til området er viktig for regionen. Det er varsla ein stor auke i behovet for kraft til den kraftintensive industrien i Årdal og i aksen Gaupne – Jostedalen er det store planar for ny kraftintensiv aktivitet. Skal Noreg og Europa lukkast med den grøne omstillinga må Sogn lukkast. Då må det leggjast til rette for at dei nye grøne industriane og industri som slepp ut betydelege mengder CO2 har tilgang på kraft til CO2- fangst, lagring og ny teknologi. Dei kraftintensive bedriftene i Årdal, Hydro og NorSun, produserer i tillegg produkt, aluminium og wafere til solceller, som ein er heilt avhengige av for å lukkast med det grøne skiftet. I tillegg er det viktig med forsterka nettkapasitet for å leggja til rette for auka produksjon i området den nye linja skal gå. I heile Sogn ligg det føre prosjekt om auka produksjon, både ved utbetring/oppgradering av eksisterande anlegg, men òg nye prosjekt der linjekapasitet er ei utfordring. Sogn er ein av dei regionane i landet med størst produksjon av fornybar energi. Sognarådet er opptekne av å leggja til rette for at dei enorme kraftmengdene som vert produsert i regionen kan nyttast i regionen, og at dei skal nyttast i overgangen til det grøne skiftet. Me ser fram til den vidare prosessen og til realisering av ei ny kraftlinje. Det er eit sterkt ynskje frå Sognarådet IPR å vera tett på i arbeidet framover. Det er særs viktig for oss at ein gjennomfører dette med ein kortare tidshorisont enn det som er det «normale» i slike saker i dag. Energidepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"