🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av Statnett sin konseptvalgutredning for Indre Sogn

Årdal Arbeidarparti

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Høyringssvar frå Årdal Arbeidarparti til Statnett sin konseptvalutredning for Indre Sogn

Årdal Arbeidarparti ynskjer å kome med innspel til Statnett sin konseptvalutredning for Indre Sogn. Det er særs gledeleg at Statnett har gjennomført ein grundig analyse av kraft- og nettsituasjonen i Indre Sogn. Konseptvalutredninga er god og konkluderer med ein anbefaling om ein ny forbindelse frå Sogndal til Årdal.

Årdal Arbeidarparti ynskjer at konsept 2.3 blir det endelege konseptet. Da vil den nye kraftlinja gå i områder som det allereie er utført naturinngrep i, og ein vil sleppe å i det vesentlege ta i bruk områder som det ikkje er gjort inngrep i frå før. Dette er omsyn det er viktig å ha med seg i prosessen framover.

Å legge til rette for betre nettkapasitet til området er viktig for Årdal som samfunn og for regionen. Det er varsla ein stor auke i behovet for kraft til den kraftintensive industrien i Årdal. Skal Noreg og Europa lukkast med den grøne omstillinga må Årdal lukkast. Då må det ligge til rette for at industri som slepp ut betydelege mengder CO2 har tilgang på kraft til CO2- fangst og lagring eller til å investere i ny teknologi. Dei kraftintensive bedriftene i Årdal, Hydro og NorSun, produserer i tillegg produkt, aluminium og wafere til solceller, som ein er heilt avhengige av for å lukkast med det grøne skiftet. I tillegg er det viktig med forsterka nettkapasitet for å legge til rette for auka produksjon i området den nye linja skal gå.

Me ser fram til den vidare prosessen, og til realisering av ei ny kraftlinje. Det er særs viktig for Årdal Arbeidarparti at ein gjennomfører dette med ein kortare tidshorisont enn det som er det «normale» i slike saker i dag.