🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av Statnett sin konseptvalgutredning for Indre Sogn

Årdal Energi

Departement: Familiedepartementet
Dato: 11.11.2024 Svartype: Med merknad Vi viser til Statnetts konseptvalutgreiing for Indre Sogn, og vil først få rose arbeidet som er lagt ned i denne omfattande og grundige utgreiinga. Rapporten gjev eit godt overblikk over utfordringane og moglegheitene i området, og presenterer alternative løysingar på ein balansert og grundig måte. Årdal Energi er eit selskap i sterk vekst innan fornybar energi, og vi har store ambisjonar om å utvikle nye kraftprosjekt i regionen. For at vi skal kunne lykkast med dette, er vi heilt avhengige av eit kraftnett med tilstrekkeleg kapasitet og stabilitet. Dagens nett i Indre Sogn er altfor begrensa til å handtere både auka forbruk og ny produksjon på ein driftsmessig forsvarleg måte. Utan utvidingar i nettet risikerer vi å bli hindra i å realisere planlagde prosjekt, noko som ikkje berre vil påverke vår utvikling, men også forsinke den grøne omstillinga og verdiskapinga i regionen. Å styrke nettinfrastrukturen er derfor avgjerande for å sikre at ny kraftproduksjon kan bidra til både lokale og nasjonale klimamål. Etter vår vurdering er Konsept 2 – Ny forbindelse frå Sogndal til Øvre Årdal den beste løysinga. Konseptet gir den nødvendige kapasitetsauken for å kunne kople til både nytt forbruk og ny kraftproduksjon, og sikrar samtidig forsyningstryggleik gjennom N-1-forsyningssikkerheit. For å støtte den planlagde veksten i både forbruk og produksjon, må prosjektet prioriterast og gjennomførast utan forseinkingar. Me oppmodar også til å fortsetta den gode dialogen Statnett har hatt med alle lokale aktørane i Årdal. For Årdal Energi Jan Stian Smedegård Dagleg leiar Energidepartementet Til høringen Til toppen