🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av ny lov om utøvelse av jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressurs...

BueBua ENK Monrad

Departement: Miljødepartementet
Dato: 28.06.2024 Svartype: Med merknad Vedr. punkt 10.3: Alternativ 2! Ny viltlov er ute på høyring. Endeleg! Eit punkt som ligg mitt hjarte nær i dette høyringsforslaget, er 10.3, Jaktvåpen og ammunisjon. I dagens lovverk står det at det berre er lov til å drive jakt med kruttdrivne våpen. Dette var eit krav som vel såg dagens lys på tidleg 70-tal, for å stoppe jakt med sprettert og svake luftgevær. Så slik sett, fornuftig nok! Men mykje har skjedd. I ei tid der teknologien er i enorm utvikling, og der det allereie no eksisterar ei rekke fullgode jaktvåpen som ikkje treng ladning av krutt, er dette ein utdatert lovtekst. I dag finnast det luftvåpen som kan fellast storvilt med (inntil .72-kaliber, dei fleste norske elg fellast med .26 og .30-kaliber rifle), men med den noverande viltlova, har me ikkje eingong lov til å felle kråke med dette enormt kraftige våpenet (for å ta eit ekstremt døme som set situasjonen litt på spissen). Me veit også at i fleire og fleire vestlege land opnast det for jakt med bue, som eit fullgodt tilskot til jakt med rifle og hagle. Det fellast alt frå kanin til elefant med bue, og både danske og finske myndighetar har etter grundig forsking og samanlikning konkludert med at bue er heilt og haldent likestilld med rifle, når det kjem til human avliving. Kort sagt, i ryddige formar og med rette krav stilt til jegeren, finnast det i dag mange fullgode alternativ til mauseren. Kven veit kva utvikling me kan ha sett om 10-20 år? Jakt som forvaltningsverkty kjem til å vere ekstremt viktig i framtida, og det er viktig at me tillatar jakta å utvikle seg i takt med eit meir og meir urbant samfunn der sikkerheit blir meir og meir viktig, og konflikt mellom menneske og dyr meir og meir vanleg. I alternativ 1 under punkt 10.3.2 i høyringsforslaget, går ein inn for å vidareføre dagens krav vedr. bruk av krutt. Det er både sikkert, kjent og trygt det, men då vil ein i stor grad stenge døra for morgondagens løysingar, og gå baklengs inn i framtida. I alternativ 2 i høyringsforslaget, står det at «det til jakt bare kan brukes skytevåpen, våpendeler og ammunisjon som er egnet til å avlive viltet på en sikker og dyrevelferdsmessig forsvarlig måte». Dette dekker over alle behov relatert til human jakt og sikker avliving. Det å ha tilleggskrav om at våpenet MÅ vere kruttdrive, tilførar ikkje lovteksten noko som helst. I ei tid der det er aukande fokus på klima og miljø, er det viktig å ikkje utelukke noverande og framtidig teknologi som i tillegg til å vere like humane, eller for alt me veit meir humane enn dagens godkjente jaktvåpen, også kan vere betre for miljø og matkvalitet. Nye jaktformar kan også bidra til at fleire får opp augene for jakt, og sikre jaktas posisjon som forvaltningsverkty i framtida. Eg håpar de ser dykk einige i at alternativ 2 slik det føreligg på eit utfyllande vis ivaretek dyrevelferd og sikkerheit. Det står i alternativ 2 rett ut at det ikkje er aktuelt å tillate jakt med våpen som ikkje er humane, og då treng me ikkje spesifisere om det er lufttrykk frå krutt, lufttrykk frå fjørmekanisme, eller energioverføring frå streng og trinsesystemer som driv prosjektilet. Det er viktig å understreke at ein ikkje automatisk tillatar noko nytt og skummelt ved å gå inn for å utforme den nye lova slik, for det er framleis slik at nye jaktvåpen må godkjennast. Det ein gjer, er rett og slett berre å ikkje lukke døra for morgondagens teknologi. Det opnar for mogelegheita til å utrede bruk av andre jaktvåpen enn hagle og rifle, istaden for å avvise ting me aldri har utreda. --------------------------------------------------------- Mi bakgrunn i dette, er 19 års personleg erfaring med jakt, 10 års personleg erfaring med buejakt i Danmark, 8 års variert utdanning innan naturforvaltning, jakt og fiske, og no 13 års yrkeserfaring med kruttvåpen og bueutstyr. Landbruks- og matdepartementet Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"