🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i folkehøyskoleloven og forskrift til folkehøysk...

Hardanger Folkehøgskule

Departement: Familiedepartementet 3 seksjoner

HØYRING OM FORSLAG TIL NY LOV OM FOLKEHØGSKULE

Hardanger Folkehøgskule ynskjer å senda ein uttale i samband med høyringa om ny lov om folkehøgskole.

Det er særlig følgjande punkt (§) vi ynskjer å kommentera.

Vi meiner at formålsparagrafen er god slik den står i noverande lov. Folkehøgskulane skal fremja allmendanning og folkeopplysning. Dette har vore skulane si oppgåve sidan før revisjonen av lova i 2003 og vi har fungert godt med dette som formålsparagraf.

For vår eigen del må vi understreka at mangfoldet fins i stor grad. Vi er usikre på kva departementet meiner med mangfold dersom ikkje tre kjønn, elevar som er i prosess om kjønnskifte, elevar frå alle landsdelar, elevar frå utlandet og elevar med minioritetsbakgrunn er det. Dette er mangfaldet på skulen vår, og det treng ikkje stå i formålsparagrafen for at vi skal oppnå det.

Den enkelte folkehøgskule bør framleis ha ansvar for å fastsetja verdigrunnlaget innanfor ramma av formålsparagrafen.

Vår innstilling: La ordlyden i noverande lov bli ståande urørt.

Vi ser ingen grunn til å endra på organiseringa av dei skulane som ikkje er AS eller Stifting. Vi er organisert som Frivillig organsiasjon under Folkehøgskoleloven med vedtekter for organisasjonen vedtatt av Årsmøtet (Generalforsamlingen), og vi sender rekneskap og årsmelding til Brønnøysundregisterene og til Statsforvaltaren. Vi ser ikkje at det vil gjera skulen noko nytte å endra organisasjonsform til stifting eller AS. Vår organisering er heilt open og transparent slik vi er organisert i dag.

Hardanger Folkehøgskule er ein ideell organisasjon som er tufta på eit ideellt grunnlag. Vi ser at ei omdanning til aksjeselskap vil kunne rokke ved det grunnlaget og ta skulen i ein meir bedriftsmessig tankegang og bedriftsøkonomisk retning.

Dersom vi må endra til AS eller stifting må vi truleg tinglysa alle eigedomane på nytt rettsubjekt, henta inn rådgivarar og juridisk kompetanse og betala både tinglysingsgebyr og dokumentavgift. Det vil ta store deler av eigenkapitalen vår som vi treng til å utvikla skulen. Forslaget kan vi ikkje støtta.

Vår innstilling: La ordlyden i noverande lov bli ståande urørt. Ingen grunn til å endra organisasjonsform for dei som er registrert som frivillig organisasjon og i frivillighetsregisteret eller påføra skulane utgifter som dei ikkje kan svara for, og som i verste fall vil ta store deler eller heile eigenkapitalen.

Dette er vi heilt einig i. Vi meiner at det er ein god ting at det fins klare og tydelege opptaksreglar og offentlig tilgjengelige kriterier som viser kva som gjer deg kvalifisert for å søkje og kva skulen krever av dokumentasjon for å ta søkjaren inn.

Det bør framleis vera mogleg å bruka fråvær frå siste skuleår som grunn for avslag.

Vår innstilling: Vi støttar utvalet si innstilling bortsett frå punktet om fråvær som grunn for avslag.

Her er vi også einig, og har lyst til å kommentera denne paragrafen fordi vi gjennom åra har sett fleire skular med diffuse reglar. Elevane bør kunne sjå og forstå regelverket og konsekvensane av å bryte det. Dette forstår dei best dersom reglane er tydelege.

Skulereglane skal også vera tilgjengelege for alle søkjarane og sendast til eleven før dei aksepterer skuleplassen. Det skal ikkje vera mogleg for skular å skjula regelverket og bruka det som eit konkurransefortrinn for å få elevar.

Vår innstilling: Styret fastset storleiken på elevbetalinga

Her er vi usikre på kva Departementet meiner. Kva er eit kurs for dei? Årskurset, linjefaget, eller kvar enkelt valfag, fellesfag, prosjekt,laurdagsseminar og liknande. Om det er det siste vil svært mykje undervisningstid og sosialpedagogisk tid gå med til å laga desse planane. Tid som skal brukast til å vera saman med elevane.