Svar på høyring – Framlegg til endringar i momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar
Studieforbundet kultur og tradisjon viser til høyringsnotatet frå departementet og stiller seg bak høyringsuttalane frå Frivillighet Norge og Voksenopplæringsforbundet (Vofo).
Vi meiner, som Vofo, at studieforbunda må inkluderast i ordninga. Vi ber om at § 4 i framlegget til ny forskrift blir endra slik at studieforbund ikkje blir haldne utanfor, men kan søke på same grunnlag som andre paraplyorganisasjonar.

Vaksenopplæringslova
Studieforbunda er demokratiske paraplyorganisasjonar skipa av medlemsorganisasjonane for å fremje læring i frivillig sektor. Verksemda er forankra nedanfrå, og studieforbunda er verktøy for medlemsorganisasjonane, ikkje ein del av det offentlege utdanningstilbodet. Vaksenopplæringslova regulerer bruken av statstilskot til kursaktivitet, men føremålet er å fremme livslang læring, motivasjon og deltaking i frivillige organisasjonar, ikkje å drive offentleg opplæring. At lova set rammer for tilskotet, bør ikkje vera grunn til å avgrense tilgangen til momskompensasjon.
Paraplyorganisasjonar
Studieforbunda er frivillige paraplyorganisasjonar på lik line og på same grunnlag som mange andre organisasjonar som er innanfor ordninga. Vi vil og peike på at fleire andre paraplyorganisasjonar i ordninga forvaltar og fordeler offentlege midlar utan at dette diskvalifiserer dei.
Departementet har løfta fram mogleg «dobbelttelling» av frivillig innsats. Vår påstand er at nær alle store organisasjonar i Noreg av dei som får mest i momskompensasjon, er medlemmar i fleire paraplyorganisasjonar. Dersom dette argumentet skal brukast, vil mange av dagens mottakarar falle utanfor. Vi meiner difor argumentasjonen er feil, og at det skaper eit skeivt og urettvist skilje å bruke dette utelukkande mot studieforbund.

Konklusjon
Studieforbundet kultur og tradisjon ber om at studieforbunda blir tekne inn att i momskompensasjonsordninga på line med andre frivillige paraplyorganisasjonar. Ei slik endring vil sikre rettferd, likebehandling og føreseielege rammer for frivillig sektor.
Studieforbundet kultur og tradisjon
Studieforbundet kultur og tradisjon