Dato: 03.10.2024 Svartype: Med merknad Mjølka frå produsent blir i dag i stort analysert kvar einaste gong den blir henta. Denne analysen dannar grunnlag for prisen bonden får for mjølka. Innhaldet i denne mjølka vil påvirke produktutbyttet mottakar av mjølka får ved foredling litt avhengig av kva mjølka blir nytta til. I dag påverkar ikkje det faktiske innhaldet i mjølka prisen til mottakar med mindre mjølka har sterkt nedsett hygienisk kvalitet. I dagens system blir auka innhald av td feitt og protein behandla som ein utgift i fastsettiinga av basispris til produsent av Norsk Melkeråvare. Verdien av auka innhald av feitt og protein dei siste 20 åra har i stort tilfalle industrileddet/mottakar av mjølka. Ein burde difor tilstrebe ei ordning der Norsk Melkeråvare kunne fakturere ut den faktiske verdien av mjølka basert på dei analysane som fylgjer kvart einaste lass og som er grunnlag for betalinga produsenten får. I dag har ein ein kravsspesifikasjon med svært vide grenser for minimum og maksimum innhald. Slik eg har forstått dette vil innhald utover desse grensene heller ikkje få konskvensar for prisen mottakar betaler. At meirverdien av feks feitt og protein vil variere ut ifrå marknadsdekning er sjølvsagt, men summen av verdien av desse to hovudkomponentane må danne grunnlag for prisinga av mjølka også til mottakar. Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen