Dato: 08.10.2024 Svartype: Med merknad Hå kommune er positiv til at kommunen på eige intiativ kan omgjera vikariat bemanna av lege utan fullført Lis 1 til å vera teljande i Lis 1 løpet. Me har ved fleire høve siste åra sett at dette kunne vore teneleg. Sidan legar utan Lis 1 kan vikariera inntil 1 år vil det vera meir forsvarleg å setja dette om til eit Lis 1 løp då det vil sikra meir oppfølging og veiledning. Det vil imidlertid vera vanskeleg å gå inn som både fastlegevikar og Lis 1 utan eit visst omfang av sjukehuspraksis fyrst. Det vil difor vera fornuftig å stilla krav om eit visst omfang av legeerfaring frå sjukehus eller liknande institusjon (eks større KAD) før ein går inn i både vikariat som fastlege og Lis 1 løp i kommunen. Spesielt er me kritiske til at legar utan Lis 1 i sjukehus eller liknande skal kunna gå legevakt. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen