🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Innspill til kystrutens innretning fra 2030

Maritime CleanTech

Departement: Familiedepartementet 4 seksjoner

Nullutsleppskrav er realistisk

Dei siste åra har det skjedd ei stor utvikling innan låg- og nullutsleppsteknologi for ulike fartøysegment, med norske aktørar i front i utviklingsløpet. Både batteri- og hydrogenbaserte løysingar er kommersielt tilgjengelege og demonstrerte på sjø. Begge selskapa som opererer kystruta i dagens kontrakt har konsept for nullutslepp på blokka, og fleire aktørar langs kysten har gryteklare planar for produksjon av nullutsleppsdrivstoff og grøne framdriftsløysingar.

Utviklinga i teknologi og marknad gjer det realistisk at kystruta kan opererast utsleppsfritt etter 2030, utan at det treng å gå på kostnad av transporttilbodet. Men nullutslepp vil ikkje bli realisert utan at det blir stilt som krav frå staten som oppdragsgivar. For å kutta utslepp i sjøfarten og stimulera til vidare utvikling av nullutsleppsteknologi meiner me difor tida er inne for å stilla krav om nullutslepp på kystruta i neste anbodsperiode.

Erfaring viser at offentlege innkjøp er eit effektivt verktøy for å få realisert klimateknologiar i marknaden. Slik har me blant anna fått verdas første batteriferje, MF Ampere, og verdas første hydrogenferje, MF Hydra, med fleire nye hydrogenferjer og autonome ferjer under utvikling. Også stortingsvedtaket om nullutslepp i verdsarvfjordane sette i gang mange utviklingsløp innan nullutsleppsteknologiar. Kystruteanbodet gir eit unikt høve til å vidareføra suksessoppskrifta.

I arbeidet med det førre kystruteanbodet kom spørsmålet om utsleppskrav på bana altfor seint. For å sikra føreseielege vilkår for næringa, og for å unngå at tidspress blir eit argument mot å stilla strenge krav, er det viktig at det politiske signalet om nullutsleppskrav blir kommunisert så tidleg som mogleg. Industrien må involverast i den konkrete utforminga av regelverket.

Nullutsleppskrav gir store ringverknader

Krav om nullutslepp på kystruta vil utløysa store investeringar i grøn maritim teknologi, både på fartøy og i verdikjeda på land. Det vil dermed skapa store ringverknader for dei maritime næringane i Noreg, som representerer stor verdiskaping og sysselsetjing i distrikta. [i]

Den norske maritime næringa er verdsleiande i å utvikla grøne løysingar for skipsfarten, og har eit stort fotavtrykk internasjonalt. Løysingar som blir utvikla her, har også eit stort eksportpotensial når skipsfarten globalt skal omstillast i tråd med EU og IMO sine klimaplanar. Nullutsleppskrav vil dermed støtta opp under regjeringa si industri- og eksportsatsing.

Med sine daglege anløp i sentrale hamner langs kysten vil kystruta vera ein attraktiv kunde for produsentar av hydrogenbaserte drivstoff. Nullutsleppskrav vil dermed vera viktig for å realisera ei verdikjede for hydrogen i Noreg, i tråd med regjeringa sine satsingar i Grønt industriløft.

Nullutslepp på kystruta vil krevja betydelege investeringar i anlegg for lade- og landstraum og bunkring av nullutsleppsdrivstoff i fleire sentrale hamner langs kysten. Desse investeringane kan også skapa ringverknader for resten av skipsfarten, under føresetnad av at infrastrukturen blir gjort tilgjengeleg for andre aktørar. Dette kan bidra til å redusera nettverksbarrieren og letta tilgangen på rein energi for andre fartøysegment langs kysten.

Dei samfunnsøkonomiske ringverknadane av nullutsleppskrav for den grøne maritime næringa bør kartleggast som del av utgreiinga av konkurransegrunnlaget. Maritime CleanTech bidreg gjerne med utdjupande innspel til ei slik utgreiing.

Nullutsleppskrav bidrar til å bevara klima og miljø

Klima- og naturkrisa blir meir alvorleg kvar dag. Samtidig viser DNV sine analysar at omstillingstrykket i norsk skipsfart har gått frå lågt til svært lågt, [ii] og SSB sine utsleppstal viser at utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske gjekk opp frå 2022 til 2023, sjølv om dei totale norske utsleppa gjekk ned. [iii] Det er difor stort behov for politikk som kan redusera utslepp og auka omstillingstempoet i skipsfarten.

Nullutsleppskrav på kystruta vil kunna kutta norske klimagassutslepp med over 150 000 tonn CO2-ekvivalentar kvart år. Det svarer til rundt 50 000 el-bilar, eller heile Moss kommune. Eit slikt kutt vil vera eit viktig bidrag til å oppfylla norske klimaforpliktingar etter Paris-avtalen og regjeringa sitt omstillingsmål for norsk økonomi, noko også Miljødirektoratet peikar på i sine kunnskapsgrunnlag. [iv]

Innfasing av grøne framdriftsløysingar har også fleire andre positive miljøgevinstar, som minimering av undervasstøy og partikkelforureining. [v] Kystruta trafikkerer dagleg kystnære havområde med store marine økosystemverdiar som er sårbare for slik påverknad. [vi] Nullutsleppskrav vil dermed bidra til å bevara viktige naturverdiar langs kysten, i tråd med norske forpliktingar under naturavtalen. Desse lokale miljøeffektane bør kartleggast nærare som del av førebuingane og vektast i konkurransegrunnlaget.

Nullutsleppskrav styrkar norsk posisjon i verda

Regjeringa har gått høgt på banen internasjonalt og markert Noreg som ein pådrivar for grøn maritim omstilling, både gjennom IMO og bilaterale samarbeid som Green Shipping Challenge og Mission Innovation: Zero Emission Shipping. Ambisjonsnivået må no følgast opp på heimebane. Ein moden heimemarknad er ein viktig føresetnad for skalering og eksport av grøne løysingar. Det komande kystruteanbodet representerer her ei gylden moglegheit.

Med nullutsleppskrav vil kystruta fungera som ein (lokal) grøn korridor med alle dei fordelane IMO har lagt til grunn for den satsinga. Ho vil også bli eit flaggskip for berekraftig reiseliv og eit utstillingsvindauge for grøn maritim teknologi. Det vil styrka den grøne maritime næringa si konkurransekraft og befesta Noreg sin posisjon som grøn maritim stormakt.

[i] Menon, Grønn Maritim 2022- Teknologi, utslipp, verdiskaping og sysselsetting - https://www.menon.no/publication/gronn-maritim-2022-teknologi-utslipp-verdiskaping-og-sysselsetting/

[ii] DNV, Barometer for grønn omstilling av skipsfarten - https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/barometer-for-gronn-omstilling-i-skipsfarten/id3014377/

[iii] SSB, Klar nedgang i utslipp av klimagasser i 2023 - https://www.ssb.no/natur-og-miljo/forurensning-og-klima/statistikk/utslipp-til-luft/artikler/klar-nedgang-i-utslipp-av-klimagasser-i-2023

[iv] Miljødirektoratet, Klimatiltak i Norge: Kunnskapsgrunnlag 2024 - https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/2024/april-2024/klimatiltak-i-norge-kunnskapsgrunnlag-2024/

[v] Van Biert et al. (2016), A review of fuel cell systems for maritime applications - https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S0378775316308631

[vi] Aarflot et al. (2024), Ecosystem risk from human use of ocean space and resources: A case study from the Norwegian coast - https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S0964569124002849