🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2023: 25 Omstilling til lavutslipp - Veivalg for klimapolitikken mo...

Ingunn Elstad

Departement: Miljødepartementet
Dato: 18.01.2024 Svartype: Med merknad Stor takk for ei klok og grundig utgreiing, som forhåpentleg vil gi den nødvendige retning for norsk politikk! Eg har berre ei innvending: talet på arbeidsplassar som er oppgitt for petroleumsindustrien. Olje- og gassproduksjonen er ofte oppfatta som sjølve grunnlaget for norsk økonomi, og andre arbeidsplassar, offentlege og private, som sekundære. Dette blir uttrykt slik: Kva skal vi leve av utan olja? "Klimautvalget - 2050" legg vekt på at vi har mangel på arbeidskraft, særleg fagfolk, som som utgjer fleirtalet i olje- og gassindustrien. Arbeidsplassar er like fullt eit politisk hovudargument for utbygging og forlengig av norsk olje- og gassutvinning. Kor mange arbeidsplassar er det snakk om? Og korleis går ein fram for å telje dei? Det heiter i utgreiinga s. 233: «Petroleumsvirksomheten har store ringvirkninger i økonomien, men det er ulike syn på hva de vil være fremover. I 2020 var om lag 163 000 personer direkte eller indirekte sysselsatt i petroleumsnæringen, det vil si om lag 6 prosent av samlet sysselsetting i Norge (Hungnes et al., 2022).» Når det gjeld sysselsetting i olje og gass, er det tradisjon for å rekne med ringverknader og indirekte sysselsetting. Uttrykket "petroleumsrelaterte arbeidsplassar" blir også brukt. Tala blir blåst opp - ikkje sjeldan til eit par hundre tusen arbeidsplassar - og blir meir usikre. Indirekte sysselsetting omfattar tilsette hos underleverandørar, for eksempel i verftsindustri, utstyrsproduksjon og utleige av arbeidskraft. Desse bedriftene blir ofte kalla leverandørindustri til olje og gass, men dei leverer også til annan industri, og dei tilsette kan ikkje teljast med begge stadar. Ein kan også rekne k onsumverknader av at folk betaler skatt og kjøper varar og tenester for lønna. Til saman snakkar ein om «totale sysselsettingsverknader». (Forklaringa frå Equinors konsekvensutgreiing for Wistingfeltet 2022, s. 94.) Direkte sysselsette i olje og gass er ikkje veldig mange. Statistisk sentralbyrå oppgir 25 933 arbeidstakarar i utvinning av råolje og naturgass 3. kvartal 2023, i 26047 arbeidsforhold. https://www.ssb.no/statbank/table/11656/tableViewLayout1/ Norsk petroleum oppgir det same talet tilsette i utvinning av råolje og naturgass i 2022. Norsk Petroleum https://www.norskpetroleum.no/okonomi/arbeidsplasser/ Ein rapport bestilt av olje- og gassbransjen konkluderer at det ikkje er utsikter til aukt sysselsetting i olje og gass. Næringa står i eit generasjonsskifte, fleire blir pensjonistar, og ein reknar med fall i nyrekruttering og mindre aktivitet frå 2024. (NORCE Helse & Samfunn Rapport 12/2022, Atle Blomgren og Øystein Martin Fjelldal: Utvikling i sysselsetting relatert til petroleum, sokkelelektrifisering og nye havnæringer, 2018-2026. https://norceresearch.brage.unit.no/norceresearch-xmlui/handle/11250/3002711 ) Klimautvalget held fram: «Næringen skaper arbeidsplasser mange steder i landet, og bidrar dermed til å gi grunnlag for spredt bosetting.» Biletet har nok endra seg etter oljeskattepakken i 2020, som skulle berge norske arbeidsplassar. NRK har dokumentert at skattepakken vart følgt av omfattande innleige av arbeidskraft frå utlandet. (https://www.nrk.no/norge/1.16405838) Også Havindustritilsynet (Petroleumstilsynet) sin rapport om omorganiseringa på norsk sokkel dokumenterer at det er færre faste arbeidarar offshore og meir innleige, med alvorlege konsekvensar for arbeidsforholda og tryggleiken. (Petroleumstilsynet 2023: Endrede rammebetingelser og konsekvenser for arbeidsmiljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten / ST-16962-3 . safetec-endrede-rammebetingelser-og-konsekvenser-for-arbeidsmiljo-og-sikkerhet-i-petroleumsvirksomheten.pdf (ptil.no)) Når ein reknar inn ringverknader, går ein ut frå olje- og gassverksemda som primær til andre verksemder i lokalsamfunnet. Det er altså avhengig av synsstaden. Så lenge det finst ledige jobbar, kan skolen bli avgjerande for om folk blir buande og betalar skatt til kommunen. Ein kan halde fram og rekne k onsumverknader av at tilsette betaler skatt og kjøper varar og tenester for lønna. Til saman blir det snakka om «totale sysselsettingsverknader». (Forklaringa henta frå Equinors konsekvensutgreiing for Wistingfeltet 2022, s. 94.) Når mange pendlar frå inn-og utland, blir det naturlegvis mindre ringverknader og mindre lokalt konsum. "Levert-rapporten 2022" oppgir at halvparten av dei tilsette i olje og gass i Nord-Noreg er langpendlarar. I Finnmark, med Snøhvit-Melkøya som den største olje- og gassarbeidsplassen i landsdelen, er 61% av dei sysselsette i olje og gass langpendlarar. (Kunnskapsparken i Bodø: Levert-rapporten 2022: Signe Kilskar, Carl Erik Nyvold, Sissel Ovesen, Andreas Knutson, Sunniva Greger, Ida Woje og Kristian Rydland Antonsen. Petroleumsrelatert leverandørindustri og aktivitet i Nord-Norge.13. utgave. September 2023, s.17.) Med helsing Ingunn Elstad, Tromsø, filosof, professor emerita. Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"