Dato: 26.02.2024 Svartype: Med merknad Høyringssvar til NOU 2023:25 Omstilling til lavutslipp Kvinnherad INP 1. Kvinnherad INP meiner at skogen må takast med i CO2 rekneskapen, slik som i EU. Norske skogar tek opp 47 prosent av samla karbonutslepp, i følgje SSB. Norske skogar hadde eit opptak av CO2-ekvivalentar på 23,3 millionar tonn i 2019, viser talfrå Miljødirektoratet. Til samanlikning vart det i 2020 i alt sluppe ut 49,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar i Noreg, viser statistikken «Utslipp til luft». Dei siste 30 åra har karbonlagring i skog auka med 43 prosent i Noreg. Inkludert norskekystens tareskog er vi då allereieklimanøytrale i forhold til 2050-målet. Prisen for å ha eit høgt ambisjonsnivå er altså svært høg. Og merk altså at viss Noreg hadde gjort som EU, teke med skogen i CO2-reknskapen, hadde vi allereie vore klimanøytrale i forhold til 2050-målet, dvs. at vi allereie ER eitlågutsleppssamfunn pr. i dag!! 2. Det blir feil å peike på Noregs manglande utsleppskutt etter 1990 i forhold til land som på det tidspunktet hadde mykje kolkraft i energimiksen sin, og som fortsatt har det. Noreg har verdas nest reinaste energimiks etter Island. 3.To mykje benytta uttrykk i politikken er «kost-nytte» og «samfunnsøkonomisk forsvarleg.» Dagens satsing på og prioritering av klimatiltak, kjem ikkje inn under nokon av desse begrepa som også er heilt fråverande i klimasaken. Det finst ikkje gode grunnar for å bruke dei summane vi pr. dags dato bruker for å redusere små utslepp til null. Utslippskutt må foretas der det monnar mest og ein får mykje for pengane, noko som heng betre saman med desse begrepa. 4. Manglande økonomiske og samfunnsmessige konsekvensanalysar. Utvalet kjem med mange forslag for å oppfylle klimamåla i perioden fram mot 2050. Desse forslaga ville ført til store endringar i samfunnet vårt, med svekka økonomi og merkbart lågare levestandard. Men til tross for det, kjem ikkje utvalet med nokon økonomiske eller samfunnsmessige konsekvensanalysar av tiltaka, med henvisning til at det ikkje er deiramandat. Kvinnherad INP meiner at det burde ha vore med i rapporten, av di anbefalingene til utvalet får så dramatiske konsekvensar for innbyggjarane i Noreg. 5. Ei av anbefalingane som vert presentert i rapporten er å fase ut petroleumsverksemda i Noreg med mål om å «ligne mer på vestlige økonomier uten olje- og gassresurser». Dette vil få ein dramatisk effekt på økonomien. Rapporten manglar fullstendig økonomiske og samfunnsmessige konsekvensanalysar, og utvalet viser til at det ikkje er deira mandat. . Det å peika på ein rekkje med tiltak som får store konsekvensar, og samstundes utelate konsekvensanalysar, held ikkje. Her er iveren etter å verte eit lågutsleppssamfunntydeleg, koste kva det koste vil, bokstaveleg tala. I tillegg sikrar petroleumsverksemda vår EU reinare energi enn kva dei ellers ville ha hatt. Vi erstattar brunt kol med reinare norsk gass. Vi er faktisk EUs største leverandør av utsleppskutt. Om norsk gass skulle vorte erstatta av kol, ville EUs utslepp ha auka med 330 millioner tonn CO2 pr. år, som er 12% av EUs utslepp, med ein kvoteverdi på godt over 300 milliarder kroner, utan å ta oss betalt. Vi er eit stabilt demokrati. I tillegg til å bidra til utsleppskutt, er vi òg ein trygg gassleverandør for EU. Reduserer vi leteverksemda vår, så reduserer vi også moglegheita for eksport. Noreg har i tillegg ei av verdas reinaste petroleumsverksemder med minimalt med fakling, som, viss den hadde forsvunne, hadde vorte erstatta med mindre reine verksemder. 6. Det er viktig å ta med i ei omstilling til lavutslepps samfunn at betre vegar med mindre stigning og svingar gjev mindre utslepp og mindre forbruk, enten det gjeld fosillt eller elektrisk drivstoff. Dette er nokon vi på Vestlandet har mykje å henta på med betre vegar i heile fylket. 7. Det er også viktig å sjå Noreg i ein global samanheng. Noregs samla utslepp er 50 millionar tonn CO2 pr. år. Det er forsvinnande lite, spesielt samanlikna med Kina, som no har passert Noreg i utslepp pr. person med Kinas 8 mot Noregs 7,5 tonn CO2 pr. innbyggar pr. år. Det vert heile 10 milliardar tonn CO2 pr. år, og Kina skal sleppe ut enda meir i åra som kjem, i henhold til Parisavtalen, der dei har meldt inn at dei skal auke sine utslepp med 450 % fram til 2030. Allereie per i dag står Kina alene for 30% av verdens berekna utslepp (FN). Uansett kva vi gjer her i landet, vil det få null effekt globalt, noko som gjer at dei dyre tiltaka ikkje kan forsvarast. Klimakutt i allereie reine Noreg, er veldig dyrt, for jo reinare miksen er, jo dyrere vert kutta. 8. Elektrifisering er både dyrt og unødvendig, og rein symbolpolitikk. Energi som vi treng til andre ting vert sløsa vekk til å elektrifisere bil- og båttrafikk, samt sokkelen. Eit konkret døme er elektrifiseringa av gassanlegget på Melkøya, som vil støvsuge Finnmark for kraft og fører til at ny industri får nei av Statnett til å etablere seg. Eit anna eksempel er elektrifiseringa av Johan Sverdrup-feltet, som bidreg til kraftmangel på Sør-Vestlandet, og nye verksemder får nei til å etablere seg også her. Gassen som vi sjølv kunne brukt til å drive plattformane med, vert i stedet eksportert og brent i andre land. Det ser fint ut i klimareknskapen, men det er berre på papiret. Moder Jord bryr seg ikkje om kor gassen vert brent. Og verdifull straum som vi har bruk for på land, vert i stedet sendt ut til plattformane. Reint beredskapsmessig vert også samfunnet meir sårbart når alt er avhengig av elektrisitet. DSB sin nye anbefaling er å klare seg inntil 7 dagar utan straum. Med hus som ikkje har andre energikjelder enn elektrisitet, vert det t.d. vanskjeleg å sikre oppvarming. Og elektriske bilargår jo også tom for straum. Utan moglegheit for lading vert dei då ståande. 9. Vindkraft og solkraft er ikkje løysninga på nokon eventuell kraftkrise. Dei er heller eit av dei store problema som forårsaker ei eventuell kraftkrise for AS Noreg. Begge desse to kraftkildene MÅ ha backup kraft, industrien kan ikkje driftast på uregulerbar kraft. Industrien Må ha stabil kraft. Det er viktig å huske på at vindkraft IKKJE er utsleppsfritt. Finske forskarar ved LUT Universitet, eit leiande universitet innan forskning på klimatiltak og berekraft, har funne ut at 90% av CO2-innsparinga til vindturbinar på land gjennom driftsperioden, berekna til 25 år, forsvinn berre ved utvinning og foredling av dei sjeldne jordmetallene. Og då har dei ikkje rekna på CO2-utslepp knytta til utbygging, drift, riving og avfallshandtering. Det kjem i tillegg. I tillegg er vindkraft svært arealkrevjande, og reduserer naturens evne til å binde CO2, spesielt der dei er anlagt i myrområder. Når ein så legg til at det er forureinande, med både fare for lekkasje av hydraulikkolje og avskaling av belegget på vengjene, som m.a. inneheldgiften bisfenol A, ser ein tydeleg at klima trumfar miljø og natur. 10. Sosioøkonomiske forskjeller vil auke. EUs nye bygningsenergidirektiv, «Energy Performance of Buildings Directive», omhandlarenergieffektivisering av boligar med mål om å bli eit nullutsleppssamfunn innan 2050. Då skal alle boliger ha energiklasse A. Det er ikkje usannsynleg at det vil koste mellom ein halv og halvanna million kroner å oppgradere ein bolig, og denne rekninga endar hos boligeigaren. For folk som har lite å rutte med, kan det ende med at dei må selje boligen, då dei ikkje har råd til å gjere denne oppgraderinga. For styret Kvinnherad INP Styremedlem Gunnar Helleland Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"