🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høyring Forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova

Arna Mållag, Bergen Mållag og Fana Mållag

Departement: Familiedepartementet
Dato: 19.12.2021 Høyringsutkast til ny opplæringslov, kapittel 10,11 og 12 Norsk språk er i dag under svært sterkt press frå engelsk. Det betyr at nynorks er under dobbelt press, både frå bokmål og engelsk. Det gjeld i alle samanhengar, ikkje minst for elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Dette alvorlege trugsmålet burde vore teke med i utkastet til ny opplæringslov. Arna Mållag, Fana Mållag og Bergen Mållag vurderer kapittel 10 (Opplæringsspråk pg talemål) og kapittel 11 (Bokmål og nynorsk i opplæringa)og kapittel 12 (Læremidel) som dei mest relevante for oss å gje innspel til. Kapittel 10 gjeld lovfesting av opplæringsspråket i Noreg. der departementet føreslår å presisere at opplæringsspråket i Noreg er norsk, samisk eller teiknspråk, og å vidareføre regelen om at levar og lærarar sjølve avgjer kva talemål dei vil nytte, gjennom heile grunnskulen og vidaregåande opplæring, Dei tre mållaga støttar dette. Kapittel 11 gjeld regulering av valet mellom bruken av dei to norske skriftspråka nynorsk og bokmål. Departementet meiner at kommunane framleis skal fastsetje kva skriftspråk som skal vere hovudm¨let ved kvar grunnskule, og at fylkeskommunen fastset hovudmål for dei vidaregåande skulane. Departementet held også fast ved at rådgjevande folkerøysting skal vidareførast. Vi støttar dette. Departementet føreslår å vidareføre rett til opplæring i særskilde grupper (minst 10 elevar på same skule) for elevar på barnetrinnet som vil bruke eit anna skriftspråk enn det kommunen har fastsettsom hovudmål. Bergen kommune sin informasjon om dette ligg gøymt bak fleire underpunkt på nettsidene til kommunen. Det sam gjeld informasjon om at elevar kan få nynorskopplæring ved å flytte til ein annan skule. Hausten 2020 vedtok Bergen bystyre at det skulle opprettast nynorsk førsteklasse med oppstart hausten 2021, men arbeidet er i skrivande stund ikkje kome i gang, og oppstarten er no utsett til hausten 2022. Mållaga i Bergen er leie for å måtte melde at Bergen kommune ikkje oppfyller den generelle informasjonsplikta om kva rettar elevar gar på ein god måte. Og det er ikkje sanksjonsmogelegheiter i lova. Det er positivt at Departementet føreslår at retten til opplæring i eigne grupper også skal gjelde elevar på ungdomstrinnet. I tillegg ønskjer vi at dette vert teke inn i lova:"Elevar på grunntrinnet som går på språkdelte skular med norsk hovudmål har rett til undervisning i eigne grupper i alle skrfitlege fag, og ikkje berre i norsk." Kspittel 12 gjeld læremiddel. parallellitetskrav og krav til rettskriving. Her vil vi støtte at parallellitetskravet framleis skla gjelde, og at det også skal gjelde digitale verktøy som kontorstøtteprogram, operativsystem og liknande. Vi støttar også at det vert lovfesta eit krav til at skriveprogram skal støtte bokmål og nynorsk, men vi er ikkje samde i svekkinga som følgjer av "så langt det er mulig". Her meiner mvi at kravet må vere absolutt, og at dei allereie i dag finns nok skriveprogram som støttar nynorsk. Eit høve til å velje skriveprogram som ikkje støttar nynrosk vil svekke motivasjonen for å utvikle nynorsk-delen av skriveprogram og annan programvare. Generelt ser vi at mange av formuleringane om språk i lovutkastet er svært uforpliktande. Vi reknar med at det skuldast dei altfor fåe i offentleg og privat verksemd meitsrar nynorsk. Døme kan vera lærara i grunnskulen, der lærarutdanninga i dag sviktar. Dette er eit område som må betrast. Det heiter slik i brev frå Utdanningsdirektoratet om ny opplæringslov: "Loven skal plassere ansvaret på riktig sted. Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at reglene i opplæringsloven følged opp, og de må sørge for at de som skal utføre oppgavene, har god kompetanse. " Vi saknar ei repsisering ac\v kva som i denne samanhengen er god kompetanse. Med tanke på nynorsk er det mangelfull kompetanse både administrativt i kommunen og fylkeskommunen og hjå lærarar i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Vi er redde for at om det ikkje vert sett i verk konkrete tiltak frå sentralt hald, vil den nye lova på dette punktet lett verta ei papirlov. Brit Fosse Reigstad Bjørg Eli Eide Oddvar Skre Arna Mållag Bergen Mållag Fana Mållag Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"