HØYRINGSINNSPEL TIL KAPITTEL 7 – OPPLÆRING I BEDRIFT - I FORSLAG TIL NY OPPLÆRINGSLOV
Denne uttalen er skriven på vegne av 12 tverrfagleg/fleirfaglege opplæringskontor i Vestland fylke:
Austevoll Opplæringskontor
Bømlo Opplæringskontor
Handalag Opplæringskontor
Haugaland Opplæringskontor
Nordfjord Opplæringskontor
Opplæringskontoret for Hardanger
Opplæringskontor et for Indre Hordaland
Opplæringskontoret for Nordhordland
Opplæringskontoret for Sunnhordland
Sogn Opplæringskontor
Ytre Sunnhordland Opplæringskontor
Samarbeidsorganisasjonane nemnde over er eigde av til saman 583 bedrifter; 348 små, 172 mellomstore og 63 store. Kontora har om lag 1500 lære- og opplæringskontraktar innan alle utdanningsprogram, fordelt på meir enn 80 ulike fag.
Opplæringskontor er ein vesentleg samarbeidspart for lærebedrifter og fylkeskommunar i arbeidet med å kvalitetssikra opplæringa for kvar einskild lærling. Me treng eit lovverk som tek vare på det viktige arbeidet opplæringskontora utfører.
Vår samla konklusjon er at det bør knytast godkjenningsordning til opplæringskontor.
Opplæringskontora bør regulerast som samarbeidsorgan, og bør definerast i lovverket som bindeledd mellom lærebedrift og fylkeskommune i høve til gjennomføring av opplæringa etter opplæringslov med forskrifter. Forskrift må spesifisera kva ansvarsområde læreverksemder kan delegera til opplæringskontora.
Opplæringskontora over har vurdert kapittel 7 i Lovforslaget - ny opplæringslov og endringer i friskoleloven og uttalar oss i fellesskap under som «me».
Innspel til enkelte paragrafar
§ 7-1 Verkeområdet for kapittelet
Me støttar innhaldet i denne paragrafen slik den er formulert.
§ 7-2 Inngåing og endring av kontrakt om læretid
I denne paragrafen bør opplæringskontor med som part i kontrakt der lærebedrift er knytt til opplæringskontor. Der lærebedrift er knytt til opplæringskontor, skal opplæringskontoret ha det overordna ansvaret for at lærlingane får opplæring i samsvar med læreplanar og opplæringslov. Opplæringskontor skal signera på kontrakt som ansvarleg leiar.
§ 7-3 Heving og oppseiing av kontrakt om læretid
Her foreslår me at der lærebedrift er knytt til eit opplæringskontor, skal opplæringskontoret orientera fylkeskommunen skriftleg før kontrakt vert oppsagt og at opplæringskontor skal skriva ut ein attest om opplæringa som er gjennomført.
§ 7-4 Kva rettar og plikter dei med læretid i bedrift har som arbeidstakar. Tilhøvet til arbeidsmiljøloven
Arbeidsavtale bør vera mellom lærling og lærebedrift. Dette fordi det er i lærebedrifta lærlingen jobbar til dagen, det er det arbeidsmiljøet han/ho er ein del av gjennom heile læretida. Det er derfor viktig at det er lærebedrifta som har arbeidsgjevaransvaret for lærlingen.
Formuleringa i alternativ 2 «Der lærebedrifta er eit opplæringskontor ……» er ikkje eigna til å skapa klarheit i ansvarsforhold. Opplæringskontor har ikkje til føremål å vera lærebedrift. Opplæringskontora skal samarbeida med sine medlemsverksemder og fylkeskommunen.
§ 7-5 Godkjenning av lærebedrifter
Her foreslår me at departementet skal gje forskrifter om godkjenning av lærebedrifter og godkjenning av opplæringskontor. Det må knytast eigne krav til kva som skal til for å bli godkjent som lærebedrift og kva skal til for å bli godkjent som opplæringskontor. Formuleringa i alternativ 2 «godkjenning av opplæringskontor som lærebedrift» skapar uklarheit. Me er samde i formuleringa «Departementet kan gje forskrift om deling av ansvaret mellom samarbeidande lærebedrifter og om deling av ansvaret mellom opplæringskontor og lærebedriftene som er knytt til kontoret.
§ 7-6 Krav til lærebedrifter og opplæringskontor
Me støttar forslaget slik det er formulert i første og andre avsnitt i begge alternativa. Det er uklart kva formuleringa i alternativ 2 «Opplæringskontoret kan godkjennast som lærebedrift» vil innebera. Opplæringskontor må verta godkjende etter eigne kriteria. Departementet kan gi forskrift om kva reglar som gjeld for opplæringskontor.
§ 7-7 Rekruttering av lærebedrifter
Her vil me foreslå at fylkeskommunen skal formidla søkjarar som oppfyller vilkåra til lærebedrifter og opplæringskontor.
§ 7-8 Tilskot til lærebedrifter og [ opplæringskontor]
Me går inn for at paragrafen opnar opp for at fylkeskommunen kan betala tilskot til lærebedrifter og opplæringskontor og at dermed opplæringskontor skal stå som ein del av tittelen på paragrafen.
§ 7-9 Oppfølging av lærebedrifter og tap av godkjenning
Lovverket bør også omhandla tap av godkjenning for opplæringskontor.
§ 7-10 Lærebedriftene sitt ansvar for opplæringa

§7-11 Krav til internkontroll i lærebedrifter
Me går inn for at der lærebedrift er knytt til opplæringskontor, har opplæringskontoret ansvar for internkontroll knytt til Opplæringslov med forskrifter.
fleirfaglege/tverrfaglege opplæringskontor i Vestland fylke.