🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om endringer i barnehageloven, plikt til å vurdere norskkunnskaper

Barnebo og Bergetippen barnehager, Aukra kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
I høringsnotatet står det at over 8 av 10 barnehagar har rutiner for å vurdere barnas norskunnskaper spesielt, før skolestart.

Vi tenkjer at forpliktingane som ligg i rammeplan og lov frå før, er nok til at vi, utifrå vårt profesjonelt skjønn og faglege kunnskap, vil håndtere dette på ein god nok måte i barnehagane. Ein må ha tillit til profesjonen. Ved å innføre ei norm med fleire barnehagelærarar vil dette verte endå betre. Barnehageeigar må iverksette tiltak for dei barnehagane som ikkje har rutinar for dette.

Vi vil bruke tida og dei ressursane vi har til å utvikle eit godt språkmiljø.

I dei allmennpedagogiske tiltaka, det konkrete arbeidet i barnegruppene og med enkeltbarn. Med den heilskaplege utviklinga. Og ikkje minst nok tid til å vere til stades i barnegruppa og bruke språk saman med barna. Språkstimulering, «Bading i språk», samtaler, høgtlesing, samspel, leik.

Viser til tidlegare bruk av TRAS som etter ei tid viste seg å ha liten verdi og som ein etter kort tid valde å gå bort ifrå å kartlegge alle barn, men gjekk over til å kartlegge meir målretta dei barna ein vurderte trengte det.

Forslaget om at det skal vere frivillig for dei barna som ikkje går i barnehage, vil vere med å skape eit større skilje mellom barn som går i barnehage, og dei som ikkje gjer det. Da vil kanskje målet med tiltaket uansett treffe feil

Vi er einige med Steffen Handal som seier:

«Å lovfeste en faglig prioritering på vegne av alle barnehager og alle barn er en sterk styringsmekanisme. Forslaget vil føre til mer kartlegging og dokumentasjon, og ta tid fra barnehagelæreres samspill med barn. En såpass kraftig inngripen krever sterke faglige begrunnelser. Disse er det vanskelig å få øye på i høringsnotatet.»

Sitat: Steffen Handal, leiar av utdanningsforbundet

Barn har sin eigenverdi og skal få utvikle seg i eige tempo. Den nordiske barnehagetradisjonen vektlegg den heilskaplege utviklinga til barnet. Vi meiner at kartlegging kan ta for mykje fokus på manglar.

Vi meiner at å kartlegge barn forfektar eit syn på barnet som objekt og er ikkje er i tråd med rammeplan sitt syn på barn som subjekt og aktive deltakarar i eige liv.