Dato: 22.02.2021 Svar til: Høyring om endring i Lov i barnehagen, plikt til å vurdere norskkunnskapane før skolestart 22.02.2021 Svar frå medlemmer frå Fagforbundet Barnebo barnehage. Aukra VI FINN DET I RAMMEPLANA ALLEREIE Unødvendig å lovpålegge barnehagane å vurdere norskkunnskapen til alle barn då det allereie står i rammeplana at vi skal «følge med på barnas kommunikasjon og språk og fange opp og støtte barn som har ulike former for kommunikasjonsvanskar, som er lite språkleg aktive, eller som har sen språkutvikling» (rammeplan s.23) Vidare står det også at vi skal stimulere og legge til rette for at barn kan kommunisere og uttrykke seg. I dette ligg det at vi må vurdere og i nokon tilfelle kartlegge og teste barna sine språklege kompetansar for å sette i gang målretta tiltak. I tillegg til å gjere dette sjølv, får vi støtte frå andre instansar som PPT og BUP til å gjennomføre kartlegging og testing. Då er det gode testar som krev sertifisering vi gjerne tyr til. KVA ER GODE NOK NORSKKUNSKAPAR? Noko som vi ikkje ser det blir tatt høgde for er at det mange faktorar som påverkar kvaliteten på norskkunnskapane som vil bli testa. Faktorar som ikkje seier noko om korleis norskkunnskapen vil bli, berre korleis det er her og no. For eksempel kan fleirspråklege barn vare språksterke og inneha viktig kunnskap og ferdigheiter som ikkje kjem fram på ein slik test. Ofte har testar og kartleggingar fokus på kva barna ikkje kan og kva aldersbestemte ferdigheiter dei ikkje har, medan vi veit at vi ikkje kan side stille eit fleirspråkleg barn med eit einspråkleg barn når vi skal vurdere språkkunnskapane. FOKUS PÅ SOSIALE FERDIGHEITER Og ofte opplever vi ein samanheng mellom sosiale ferdigheiter og språkkompetanse. Vi må sikre gode samspelsferdigheiter før noko anna, for vi veit at det må ligge til grunn for å lære å bruke eit språk, vi ønsker heller å bruke tid og ressursar på å jobbe med det. RESSURSBRUK Spørsmål om kven som skal gjere det, når det skal gjennomførast og med kva slags materiale som skal brukast kjem opp. Vi opplever allereie at alt for lite av barna si opphaldstid i barnehagen innehar full grunnbemanning, og om vi skal bruke ressursar på å systematisk vurdere alle barna sine norskkunnskapar betyr det at noko anna må vike. VURDERE VS KARTLEGGE Vi blir pliktig til å vurdere alle, men ikkje kartlegge alle. Er det to sider av same sak? Korleis sikre kvaliteten på vurderinga og sikre at alle blir vurdert likt og får same rettighet? TANKEN ER GOD Vi ønsker å gje barna det beste utganspunktet og tilrettelegge best mogleg for å stimulerer norskkunnskapane deira. Vi veit at språkkompetanse er veldig viktig og er einige i det. Men vi treng noko anna enn nye kartleggingsverktøy og pålegg om kva vi skal bruke tida vår på. For tida vår i barnehagen er dyrebar og kortvarig, vi ønsker heller at vi får auka bemanninga og at bemanningsnorma skal gjelde heile opningstida, slik at vi har nok tid og ressursar til å jobbe med språk- og sosialkompetanse heile barnehagedagen. Med vennleg helsing Fagforbundet ved Barnebo Barnehage Malin Ilestad Språkpedagog v/Barnebo Barnehage Tove Magnhild Søreide Tillitsvalt Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen