🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om endringer i barnehageloven, plikt til å vurdere norskkunnskaper

Fjaler kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Fjaler kommune støttar ikkje framlegget om endringar i barnehagelova som omhandlar vurderingsplikt av barn sine norskkunnskapar. Barnehagane har allereie ei plikt til å dokumentere og vurdere den heilskaplege utvikling til barna, som og inneber ei vurdering av språkutvikling til barna. Denne plikta er regulert av Rammeplan for barnehagen, kap. 7, der det står "barnets trivsel og allsidige utvikling skal derfor observeres og vurderes fortløpende, med utgangspunkt i barnets individuelle forutsetninger og kunnskap om barns utvikling og behov. Barnets erfaringer og synspunkter skal inngå i vurderingsgrunnlaget". Det står og presisert at vurderingane skal dokumenterast når det er naudsynt for å gje eit tilrettelagt tilbod. Fjaler kommune ser ikkje at regjeringa sitt framlegg til vurderingsplikt vil endre noko på praksisen som allereie vert ført i barnehagane, og vurderer denne som tilstrekkeleg. Sidan regjeringa sitt framlegg ikkje fører til dei store endringane i barnehagane sin pedagogiske praksis, vil framlegget først og fremst føre til auka rapporteringskrav for barnehagelærarar og styrarar. Fjaler kommune ynskjer ikkje å pålegge ytterlegare rapporteringskrav som tek fokuset vekk frå det pedagogiske arbeidet med barna. Dette vil og gje styrarane mindre tid til å følgje opp kompetanseheving og fagleg utvikling av dei tilsette i barnehagen. Difor kan det spørjast om regjeringa sitt framlegg vil gje betre kvalitet i barnehagane. Fjaler kommune ser og ei utfordring med at dette kan gje kommunen auka utgifter til administrasjon. Ei viktig innvending mot regjeringa sitt framlegg er at ei vurderingsplikt av norskspråklege ferdigheitar kan flytte fokuset på den pedagogiske innsatsen vekk frå ei vurdering av barnet si allsidige utvikling, og inn mot ein avgrensa del av barnet sine ferdigheiter, Det er problematisk når barnehagen sitt mandat er å ha ein heilskapleg tilnærming til utviklinga til barna. Regjeringa sitt argument for ei vurderingsplikt er at færre barn skal ha behov for vedtak om særskild språkopplæring ved skulestart (jf. §2.8). Dette er eit skuleførebuande fokus på barn sitt språk i barnehagealder som og kan kome i konflikt med barndommen sin eigenverdi som ein viktig den av samfunnsmandatet til barnehagen. Det er og problematisk å framstille vedtak etter § 2.8 som eit problem. Enkeltvedtak om særskild språkopplæring er ein rettigheit elevane har krav på for å kunne få dei tilpassingane dei har behov for. Fjaler kommune meiner det er viktigare å sørge for å utvikle gode språkmiljø i barnehagane og at elevar med behov for særskild språkopplæring får tilpassa opplæring av god kvalitet, td gjennom kompetanseheving av personalet i språkarbeid og andrespråkopplæring. Fjaler kommune meiner at departementet i for liten grad tek høgde for auka kostnadar for Side 15 kommunane til administrasjon, koordinering, gjennomføring og oppfølging av barn og familiar, og meiner nye tiltak som følgje av statlege føringar må kompenserast. Fjaler kommune støtter framlegga om statleg tilsyn med fylkeskommunen og framlegga til presiseringar i lovverket i høve dette.