🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring Eventuell justering av publiseringsindikatoren i lys av Plan S

Norsk Målungdom

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Norsk Målungdom organiserer ungdom frå heile Noreg i arbeidet for at alle skal ha høve og rett til å skriva nynorsk, og å fremja nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Vi har lokallag ved dei fleste store utdanningsinstitusjonane i Noreg, og mykje av arbeidet vårt retter seg mot studentar og deira språklege rettar og vilkår. I tillegg arbeider vi for norsk fagspråk generelt, og nynorsk fagspråk spesielt. Sidan publiseringsindikatoren påverkar vilkåra til norsk fagspråk, og dei språklege vilkåra til studentane, nyttar vi høvet til å svare på denne høyringa.

Norsk Målungdom meiner ingen av dei tre alternativa er gode nok, sidan ingen av dei tek omsyn til norsk fagspråk. Vi meiner det er ein god idé å baka norsk fagspråk inn i dagens indikator, eller å ha eigne indikatorar som premierar publisering på norsk.

Pensumbøker er viktige for utvikling av norsk fagterminologi. Slik publiseringspoengsystemet for universitets- og høgskulesektoren er i dag, det såkalla teljekantsystemet, får ikkje professorar og forskarar eit insentiv til å skrive pensumbøker for studentane. På denne måten taper norsk fagspråk terreng, og ein får ei manglande utvikling av fagterminologi. Norsk Målungdom krev at regjeringa endrar teljekantsystemet, slik at ein får publiseringspoeng for utvikling av norskspråklege lærebøker.

Norsk taper på mange område domene til engelsk. Dersom utviklinga held fram, kan universitets- og høgskulesektoren ende opp med å bli ein engelskspråkleg arena for ein elite i det norske samfunnet. Med manglande utarbeiding av pensumbøker på norsk vil ein få manglande norsk fagterminologi. Dette vil også kunne svekke formidlinga til ålmenta. Det er viktig at forskarane kan forske, lære bort og formidle kunnskapen dei kjem fram til på morsmålet sitt. Så lenge professorar og fagtilsette ikkje får utteljing for formidling til ålmenta gjennom å skrive populærvitskaplege artiklar, kronikkar og bøker, er det lite sannsynleg at dei prioriterer dette arbeidet. Når forsking vert viktigare enn utdanning og formidling, vert norsk fagspråk svekt.

Dei fleste fagtidsskrifta, og særleg dei på nivå 2, er på engelsk. Difor er det viktig at me tek vare på dei me har på norsk, og legg til rette for fleire. Nokre fagmiljø er små og konsentrerte på få institusjonar, men dei må likevel ha høve til å ha tidsskrift i teljekantssystemet. Andre norske tidsskrift er avhengige av inntektene frå abonnementsal for å klara seg. Dersom endringar i forskingspolitikken svekkjer norsk-språklege tidsskrift, må det koma mot-tiltak, som veg opp for og styrkjer tidsskrifta.