Dato: 29.01.2025 Svartype: Med merknad 1. Det foreslåtte midlertidige løyser ingenting med presiseringa dei har gjort på side 16 i høyringsnotatet. Situasjonen for sjølvstendige konsulentar blir heller forverra enn forbetra, ved at det no svart på kvitt, i det som vil bli del av forarbeida ved ei eventuell lovendring, at sjølvstendige konsulentar kun kan yte tenester gjennom oppdragsavtalar eller direkte tilsetjing. 2. Den partssamansette gruppa må ha mandat til å sjå på løysingar som går breidare enn endring av innleigereglane. Presiseringa på side 16 verkar å vere ei tolkning av presiseringa av arbeidstakarbegrepet, som vart innført i januar 2024 i Arbeidsmiljølova §1.8. 3. Den partssamansette arbeidsgruppa må ha breid representasjon, og som minimum må sjølvstendige konsulentar med eige aksjeselskap, samt konsulentformidlarar vere representerte. Dersom ein, som det er lagt opp til i høyringsnotatet, kun tek med representasjon frå hovuorganisasjonane (som truleg vil bety dei store konsulentselskapa), vil leveransane frå arbeidsgruppa bli farga av dette. Dei store konsulentselskapa ser denne problemstillinga frå ein heilt annan vinkel. 4. Regjeringa her tek seg god tid - den partssamansette arbeidsgruppa skal opprettast i løpet av våren, og det er ikkje sett nokon frist for når arbeidsgruppa skal levere frå seg sitt arbeid. Fleire sjølvstendige konsulentar står i fare for å måtte legge ned verksemdene sine i perioden fram til arbeidsgruppa har konkrete forslag på bordet. Ein tydeleg instruksjon om at det ikkje vil medføre negative konsekvensar for konsulentkjøparar å leige inn sjølvstendige konsulentar i denne perioden må på plass. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"