Til dette føremålet kan departementet2 og Noregs Bank3 krevja innsyn i registrerte rekneskapsopplysninger, rekneskapsmateriale,5 vedlegg, brevskifte, avtalar og andre dokument, som kan ha vekt, og kan granska dei sjølv eller lata oppnemnde sakkunnige gjera det. I samband med granskinga skal departementet og Noregs Bank få tilgjenge til kontor- og bedriftslokale og turvande hjelp og rettleiing.
Klage etter §14 og §15 i forvaltningslova6 har ikke utsetjande verknad med mindre underinstansen eller klageinstansen fastset det.7
Det nokon i tenesta etter denne lova får vita, av opplysningar som nemnt i fyrste og andre leden, skal han tegja med8 så langt det motsette ikkje fylgjer av gjeremålet hans etter lova. Tegjingsskyldnaden er ikkje til hinder for å gjeva opplysningar til Den sentrale enhet for etterforskning og påtale av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet (ØKOKRIM) når dette fylgjer av lov9 eller er turvande i etterforskinga av brotsleg verksemd. Teigjingsskyldnaden fritek ikkje frå å utveksle opplysningar (samordning) som forutsete i lov om Oppgaveregisteret.10
Departementet2 kan fastsetja at lovfest tegjingsskyldnad ikkje tek fri for å gjeva opplysning etter fyrste leden i denne paragrafen.11
Noregs Bank3 kan ileggja den som ikkje gjev pliktige opplysningar etter fyrste leden tvangsmulkt til staten. Tvangsmulkta kan ileggjast i form av eingongsmulkt eller løpande mulkt, og skal fastsetjast under omsyn til kor viktig det er at opplysningane vert gjevne og tilhøva elles. Slik tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.15 Skuldig tvangsmulkt kan i særlege høve ettergjevast heilt eller delvis. Departementet2 kan gjeva nærare føresegner16 om fastsetjing og utrekning av tvangsmulkt.
0 Endra med lover 6 juli 1957 nr. 15, 21 april 1978 nr. 14, 21 des 1990 nr. 61, 11 juni 1993 nr. 83, 7 juni 1996 nr. 30 (i kraft 1 jan 1997), 6 juni 1997 nr. 35 (i kraft 1 nov 1997), 17 juli 1998 nr. 56 (i kraft 1 jan 1999).
1 Sjå
§ 10.
2 Finansdepartementet.
3 Sjå lov 24 mai 1985 nr. 28.
4 Sjå
§ 8.
5 Jfr. lov 17 juli 1998 nr. 56.
6 Lov 10 feb 1967.
7 Jfr. lov 10 feb 1967 §42.
8 Sjå lov 10 feb 1967 §13, jfr.
strl. §121, jfr.
strpl. §118 og tvml. §204.
9 Jfr.
strpl. §230.
10 Lov 6 juni 1997 nr. 35.
11 Sml. tvml. §204 og
strpl. §118.
12 Sjå lov 13 juni 1980 nr. 24 (lignl.).
13 Sjå lov 10 juni 1966 nr. 5.
14 Sjå lov 7 des 1956 nr. 1.
15 Sjå tvangsl. kap. 7.
16 Jfr. lov 10 feb 1967 §2 og kap. VII.