Saker om skrivemåten av stadnamn1 kan takast opp av:
a. Offentlege organ og andre som er nemnde i §3 første ledd første punktum.
b. Eigar eller, dersom eigedommen er festa bort, festar når bruksnamnet1 kjem inn under §5 andre ledd.
c. Lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn.
d. Stadnamnkonsulentane2 når det gjeld stadnamn i deira område.
Kommunestyret eller den det gir fullmakt, gjer vedtak om skrivemåten av namn på kommunale gater, vegar, parkar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg o.l. Fylkestinget eller den det gir fullmakt, gjer vedtak om skrivemåten av namn på fylkeskommunale vegar, anlegg o.l.
Når ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift gjer vedkommande statsorgan vedtak om skrivemåten av namn på statlege administrative område, anlegg o.l. Det same gjeld stadnamn på Svalbard,3 Jan Mayen, den norske kontinentalsokkelen,4 i Noregs økonomiske sone5 og i dei norske bilanda.6
Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten av andre stadnamn.
Offentlege organ og andre som er nemnde i første ledd, skal halde fram med å bruke dei namneformene som er i bruk av det offentlege når lova blir sett i verk, til det eventuelt blir gjort endringsvedtak etter reglane i denne lova.
0 Vert endra med lov 10 juni 2005 nr. 53 (i kraft 1 aug 2005, etter res. 10 juni 2005 nr. 533).
1 Sjå
§ 1.
2 Sjå
§ 9.
3 Sjå lov 17 juli 1925 nr. 11 §1 andre leden.
4 Sjå lov 21 juni 1963 nr. 12 §1 andre punktum.
5 Sjå lov 17 des 1976 nr. 91
§ 1.
6 Sjå lov 27 feb 1930 nr. 3
§ 1.
7 Kultur- og kirkedepartementet.