Lov om supplerande stønad ved kort butid

Lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

§
48 paragrafer
📚
5 kapitler
📝
19 endringer
I kraft: 01.01.2006
Departement: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Kapittel 1. Formål – definisjonar

§ 2

Definisjonar

Med ektemake meiner ein i lova her personar som er gifte etter ekteskapslova og som bur saman i eitt hushald, personar som bur saman som ektefolk utan å vere gifte med kvarandre, og registrerte partnarar som bur saman i eitt hushald.

Kapittel 2. Personkrins – opphald i utlandet

§ 3

Kven som kan få stønad

Supplerande stønad vert gitt til personar som er busette i Noreg og som anten har fylt 67 år eller er uføre flyktningar. Ein person vert rekna som busett dersom han eller ho er registrert i folkeregisteret og har norsk statsborgarskap, eller med heimel i utlendingslova har fått permanent opphaldsløyve eller mellombels opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve.
Familiemedlemer i oppstigande linje, onkel eller tante til referansepersonen eller garantisten, som har fått opphaldsløyve i Noreg på grunnlag av familiesameining, har ikkje rett til supplerande stønad. Dette gjeld berre dersom det i det første vedtaket om søkjaren sitt opphaldsløyve vart stilt krav til referansepersonen eller garantisten sitt underhald.
Med referansepersonen meiner ein den personen som søkjaren ønsker å bli sameint med att eller å etablere familieliv med. Med garantisten meiner ein den personen som stiller økonomisk garanti (tredjemannsgaranti) og legg fram skriftleg erklæring om at vedkommande tar på seg å garantere for underhald av søkjaren, og som er ein del av referansepersonen sitt hushald.
Det er eit vilkår for rett til supplerande stønad at stønadstakaren og ein eventuell ektemake over 67 år fullt ut nyttar retten sin til pensjon frå folketrygda eller andre norske eller utanlandske ordningar.
§ 4

Opphald i utlandet

Retten til supplerande stønad fell bort når ein person oppheld seg eller har tenkt å opphalde seg i utlandet i meir enn 90 dagar i samanheng eller i meir enn 90 dagar i alt i ein stønadsperiode.
Dersom opphaldet i utlandet er meint å vare i meir enn 90 dagar i samanheng, fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då opphaldet i utlandet tok til. I andre tilfelle fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då vedkomande hadde vore i utlandet i 90 dagar eller summen av utanlandsopphalda i ein stønadsperiode utgjer 90 dagar.
I tilfelle som går inn under andre leddet andre punktumet kan ytingar bli gitt for lengre tid enn nemnd dersom stønadstakaren legg fram dokumentasjon på at han eller ho ikkje kunne vende attende til Noreg på grunn av eigen sjukdom.

Kapittel 3. Fastsetjing av ytingar

§ 5

Full supplerande stønad

Full supplerande stønad til personar som har fylt 67 år, skal svare til
  1. garantipensjonsnivå med høg sats for einslege stønadstakarar og for stønadstakarar med ektemake som ikkje har fylt 67 år, og som ikkje er ufør flyktning,
  2. garantipensjonsnivå med ordinær sats for stønadstakarar med ektemake som har fylt 67 år, eller som er ufør flyktning, og for stønadstakarar som deler bustad med sine vaksne barn eller andre vaksne, utan at forholdet mellom dei vert definert som ekteskapsliknande (bufellesskap).
Full supplerande stønad til uføre flyktningar skal svare til
  1. minste årlege yting for uføretrygd med høg sats for einslege stønadstakarar og for stønadstakarar med ektemake som ikkje har fylt 67 år, og som ikkje er ufør flyktning,
  2. minste årlege yting for uføretrygd med ordinær sats for stønadstakarar med ektemake som har fylt 67 år eller som er ufør flyktning. Det same gjeld for stønadstakarar som deler bustad med sine vaksne barn eller andre vaksne, utan at forholdet mellom dei vert definert som ekteskapsliknande (bufellesskap).
§ 6

Inntekt som går til frådrag i supplerande stønad

Full supplerande stønad skal setjast ned med inntekt hos stønadstakaren sjølv så vel som hos ektemaken.
Dersom ektemaken har fylt 67 år, skal ektemaken si inntekt likevel berre inngå ved prøvinga av ytingane til stønadstakaren med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5 første leddet bokstav b. Dersom ektemaken er ufør flyktning, skal ektemaken si inntekt berre inngå ved prøvinga av ytingane til stønadstakaren med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5 andre leddet bokstav b.
Som inntekt vert rekna
  1. arbeidsinntekt
  2. pensjon, uføretrygd og andre ytingar frå folketrygda til livsopphald, inkludert forsørgingstillegg
  3. introduksjonsstønad for nykomne innvandrarar, kvalifiseringsstønad, kontantstøtte og bidrag etter ekteskapslova
  4. andre norske offentlege eller private pensjonar, uføreytingar og andre ytingar til livsopphald, inkludert forsørgingstillegg
  5. kapitalinntekter
  6. tilsvarande inntekter eller ytingar som nemnde i bokstavane a til e frå utlandet.
For uføre flyktningar skal arbeidsinntekt ikkje setjast lågare enn forventa inntekt etter uførheit, sjå folketrygdlova § 12-9 tredje leddet.
§ 7

Utmåling av supplerande stønad

Supplerande stønad vert gitt dersom full supplerande stønad etter § 5 er høgare enn inntektsgrunnlaget etter § 6. Stønaden skal utgjere differansen mellom desse beløpa.
§ 8

Formue

Dersom ein søkjar eller ektemaken har formue over 0,5 ganger grunnbeløpet, skal ein gi avslag på søknaden. Som formue vert ikkje rekna vanleg bustad eller vanlege ting til dagleg bruk.
Departementet kan gi forskrift til utfylling av reglane i paragrafen her.
§ 10

Endringar

Fastsett stønad skal setjast opp eller ned dersom det skjer endringar i inntektene eller dei andre tilhøva som er lagt til grunn ved fastsetjinga av stønaden, og dette fører med seg ei endring av stønaden med minst 10 prosent.
Ved endring i garantipensjonsnivå og grunnbeløpet skal supplerande stønad regulerast i tråd med desse endringane.
Frådrag i stønaden etter § 6 på grunn av alderspensjon eller uføretrygd frå folketrygda, eller andre ytingar som er direkte knytte til grunnbeløpet eller blir regulerte etter tilsvarande reglar som for alderspensjon frå folketrygda, skal regulerast i tråd med endringa i desse ytingane.
§ 11

Stønadsperiode og utbetaling

Supplerande stønad vert gitt for ein periode på 12 månader. Stønadstakaren kan søkje om forlenging av ytingane med 12 månader om gongen.
Stønad vert gitt frå og med månaden etter den månaden då vilkåra for ytinga var oppfylte, men ved forlenging av stønadsperioden som nemnd i første leddet tidlegast frå og med månaden etter utløpet av den siste stønadsperioden. Dersom retten til ytingar fell bort av andre grunnar enn at stønadsperioden løper ut, vert ytingar gitt til og med den månaden då retten fall bort.
Dersom ei endring som nemnd i § 10 fører til at stønaden vert sett opp, gjeld dette frå og med den månaden då endringa skjedde. Dersom ytinga vert sett ned, får dette verknad frå og med månaden etter den månaden då endringa skjedde.
Supplerande stønad vert ikkje gitt for lengre tid attende enn tre månader før den månaden då søknaden om ytingar vart sett fram. Renter vert ikkje gitt. Rentetap eller ytingar for tidlegare månader enn tre månader før søknadsmånaden kan heller ikkje krevjast erstatta med heimel i skadeserstatningslova eller i alminnelege erstatningsrettslege reglar.
Dersom det er utbetalt økonomisk stønad etter kapittel 4 i lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen i periodar som det vert etterbetalt supplerande stønad for, skal det gjerast frådrag i etterbetalinga tilsvarande den økonomiske stønaden. Dette gjeld også for økonomisk stønad utbetalt den månaden da supplerende stønad kjem til utbetaling.
Stønaden vert utbetalt i månadsbeløp før utgangen av den einskilde månaden. Månadsbeløpa vert avrunda til den næraste heile krona.
§ 12

Opphald i institusjon mv.

Personar som er innlagde i institusjon der opphaldet heilt eller delvis vert dekt av det offentlege, har ikkje rett til supplerande stønad for tidsrom etter at opphaldet har vara i ein kalendermånad utover den månaden då han eller ho vart innlagt.
Reglane i første leddet gjeld tilsvarande ved opphald i fengsel mv.
§ 13

Tilbakekrevjing

Supplerande stønad som er utbetalt utan at vilkåra for det var oppfylte, skal krevjast attende dersom den som fekk utbetalinga forsto eller burde ha forstått at utbetalinga grunna seg på ein feil. Vedtak om å krevje tilbake slike beløp er tvangsgrunnlag for utlegg.
Beløp som skal krevjast tilbake etter første leddet, kan avreknast i framtidige terminar av supplerande stønad eller andre ytingar til livsopphald som vert administrerte av Arbeids- og velferdsetaten. Avrekninga kan ikkje utgjere meir enn 10 prosent av dei aktuelle terminbeløpa.
Beløp som ikkje vert innkravde etter andre leddet, kan innkrevjast etter reglane i bidragsinnkrevjingslova.
Når supplerande stønad er utbetalt i utlandet i strid med reglane i § 4, skal for mykje utbetalt stønad avreknast månad for månad i ein ny stønadsperiode utan omsyn til om vilkåra for tilbakekrevjing etter første leddet er oppfylte.
§ 14

Finansiering

Utgiftene som Arbeids- og velferdsetaten har til supplerande stønad og til administrasjon av ordninga vert dekte av statskassa. Pengane som trengst til dekning av utgiftene skal overførast til Arbeids- og velferdsdirektoratet på forskot, og seinast på det tidspunktet utbetaling skal skje. Arbeids- og velferdsetaten skal føre særskilt rekneskap over pengane som vert overførte til dekning av supplerande stønad.

Kapittel 4. Saksbehandling mv.

§ 15

Tilhøvet til forvaltningslova

Reglane i forvaltningslova gjeld for handsaminga av saker om supplerande stønad, med dei unntaka som går fram av lova her.
§ 17

Søknad

Søknad om supplerande stønad skal setjast fram for det felles lokale kontoret i arbeids- og velferdsforvaltninga på bustaden til søkjaren på skjema fastsett av Arbeids- og velferdsdirektoratet. Søkjaren skal møte personleg på det felles lokale kontoret. Søkjaren skal få hjelp til utfyllinga av skjemaet så langt dette er naudsynt.
§ 18

Plikt til å gi opplysningar

Ein person som søkjer om supplerande stønad, har plikt til å gi dei opplysningane og levere dei dokumenta som Arbeids- og velferdsetaten treng for å vurdere om han eller ho har rett til ytinga. Den som får supplerande stønad, skal gi melding til Arbeids- og velferdsetaten om endringar i alle tilhøva som verkar inn på retten til eller storleiken på ytinga.
Arbeids- og velferdsetaten kan krevje at ein person som får supplerande stønad gir dei opplysningane og leverer dei dokumenta som Arbeids- og velferdsetaten treng for å kontrollere storleiken på stønaden eller om han eller ho framleis har rett til ytinga.
Dersom ein søkjar eller stønadstakar ikkje legg fram dokumentasjon som Arbeids- og velferdsetaten har bedt om, kan ein søknad om ytingar bli avslått, og ytingar som er gitt kan haldast attende. Det same gjeld dersom søkjaren gir uriktige opplysningar som er viktige for retten til eller storleiken på ytinga eller let vere å gi slike opplysningar.
§ 19

Henting av opplysningar mv.

Arbeids- og velferdsetaten kan krevje at Skatteetaten gir opplysningar om inntekts- og formuestilhøva for ein person som søkjer om eller har fått supplerande stønad. Dette gjeld òg i høve til tidlegare skattefastsetjingar.
Ved behandlinga av krav om ytingar etter lova, og ved kontroll av ytingar som er gitt, har Arbeids- og velferdsetaten rett til å få nødvendige opplysningar frå sosialtenesta, politiet, andre offentlege organ, arbeidsgivar, bankar, forsikringsselskap og private pensjonsordningar.
Arbeids- og velferdsetaten kan påleggje helseinstitusjonar, fengsel og andre institusjonar å gi rutinemessige meldingar når klientar vert innlagde eller utskrivne.
Dei som vert pålagt å gi opplysningar, har plikt til å gjere dette utan ugrunna opphald og utan hinder av teieplikt. Dei kan ikkje krevje vederlag for å gi opplysningane.
§ 20

Opplysningar om ektemaken

Ektemaken til ein person som søkjer om eller får supplerande stønad etter lova, har plikt til å gi opplysningar om inntekts- eller formuestilhøva sine etter reglane i § 18. Reglane i § 19 gjeld tilsvarande i høve til henting av slike opplysningar.
§ 21

Kontroll

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan bestemme at saker om supplerande stønad skal få ei ny vurdering med fastsette mellomrom, og kan gi reglar om korleis slik etterprøving skal gjennomførast.
Departementet kan gi forskrift om tiltak med sikte på å kontrollere at vilkåra i § 4 er oppfylte eller om ein stønadstakar har hatt opphald i utlandet i strid med reglane. Forskrifta kan bestemme at ein stønadstakar skal møte personleg på det felles lokale kontoret inntil to gonger i året og vise pass eller anna reisedokument.

Kapittel 5. Ikraftsetjing

Stortingsdokumenter og NOU-er som refererer til denne loven. Klikk for å se voteringer og originaldokumenter.

Proposisjoner

Proposisjon Prop. 137 LS (2009-2010), Innst. 356 L (2009-2010), Lovvedtak 83 (2009-2010)

Trygdeoppgjeret 2010 og endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

2009-2010 Behandlet Arbeids- og sosialkomiteen
Proposisjon Budsjett-innst. S. nr. 14 (1997-98), jf. St.prp. nr. 1(1997-98) og St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 3 (1997-98))
✓ 24

Svalbardbudsjettet for budsjetterminen 1998

1997-98 Behandlet Utenrikskomiteen 1 votering
Proposisjon Ot.prp. nr. 85 (1996-97)
✓ 10

Lov om endringer i straffeprosessloven m.m. (oppholdsforbud)

1996-97 Bortfalt 2 voteringer
Proposisjon St.prp. nr. 45 (1996-97), Innst. S. nr. 185 (1996-97)
✓ 18

Pensjonar frå statskassa

1996-97 Behandlet Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen 3 voteringer
Proposisjon St.prp. nr. 85 (1995-96), Innst. S. nr. 145 (1996-97)
✓ 6 ✗ 2

Sammenbinding og utvidelse av Mauken og Blåtind skyte- og øvingsfelter i Indre Troms

1995-96 Behandlet Forsvarskomiteen 8 voteringer
Proposisjon Ot.prp. nr. 29 (1995-96), Innst. O. nr. 46 (1996-97), beslutning. O. nr. 70-71 (1996-97)
✓ 8

Ny lov om folketrygd (folketrygdloven)

1995-96 Behandlet Sosialkomiteen 2 voteringer
Proposisjon St.prp. nr. 19 (1996-97), Innst. S. nr. 99 (1996-97)
✓ 4 ✗ 4

Samordning av Kommunal- og arbeidsdepartementets bostøtteordning og Sosial- og helsedepartementets botilskuddsordning

1996-97 Behandlet Kommunalkomiteen 4 voteringer
Proposisjon St.prp. nr. 23 (1996-97), Innst. S. nr. 90 (1996-97)
✓ 8 ✗ 8

Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 42/96 og 43/96 av 28. juni 1996 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtalen

1996-97 Behandlet Kommunalkomiteen 4 voteringer
Proposisjon St.prp. nr. 17 (1996-97), Innst. S. nr. 85 (1996-97)
✓ 1

Endringar på statsbudsjettet for 1996 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

1996-97 Behandlet Utenrikskomiteen 1 votering
Proposisjon St.prp. nr. 20 (1996-97) unntatt kap. 2530, 2540 og 2541, Innst. S. nr. 56 (1996-97)
✓ 21 ✗ 66

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996

1996-97 Behandlet Sosialkomiteen 29 voteringer
Proposisjon St.prp. nr. 15 (1996-97) kap. 923, 946, 955 og romertall II, Innst. S. nr. 65 (1996-97)

Endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1996 og andre saker under Nærings- og energidepartementet

1996-97 Behandlet Næringskomiteen
Proposisjon St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 4 (1996-97), Budsjett-innst. S. nr. 14, Tillegg nr. 1 (1996-97)
✓ 12 ✗ 9

Ei ordning med førtidspensjon i særlovselskapet Postverket m.m.

1996-97 Behandlet Samferdselskomiteen 7 voteringer
Proposisjon St.prp. nr. 9 (1996-97) unntatt kap. 481, Innst. S. nr. 57 (1996-97)

Endringar på statsbudsjettet og Svalbardbudsjettet for 1996 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

1996-97 Behandlet Justiskomiteen
Proposisjon Ot.prp. nr. 72 (1995-96), Innst. O. nr. 31 (1996-97), beslutning. O. nr. 35 (1996-97)
✓ 3 ✗ 1

Lov om kjøttproduksjon

1995-96 Behandlet Næringskomiteen 4 voteringer
Proposisjon Ot.prp. nr. 14 (1996-97), Innst. O. nr. 28 (1996-97), beslutning. O. nr. 36 (1996-97)
✓ 3 ✗ 1

Lov om endring i lov av 17. desember 1982 nr.86 om rettsgebyr

1996-97 Behandlet Justiskomiteen 4 voteringer
Proposisjon Ot.prp. nr. 75 (1995-96), Innst. O. nr. 21 (1996-97), beslutning. O. nr. 22 (1996-97)
✓ 2

Lov om endringer i lov av 7. desember 1956 nr. 1 om Kredittilsynet mv (EØS-tilpasning) og lov av 15. juli 1949 nr. 1 om Norges Kommunalbank

1995-96 Behandlet Finanskomiteen 2 voteringer
Proposisjon St.prp. nr. 4 (1996-97), Innst. S. nr. 31 (1996-97)

Endring av forslag i St.prp. nr. 2 for 1996-97 om endret tilknytningsform for Postverket og NSBs trafikkdel m.m.

1996-97 Behandlet Samferdselskomiteen
Proposisjon St.prp. nr. 88 (1995-96), Innst. S. nr. 16 (1996-97)
✓ 24 ✗ 24

Endringar på statsbudsjettet for 1996 under kapittel administrerte av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet

1995-96 Behandlet Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen 12 voteringer
Proposisjon St.prp. nr. 1 (1996-97), Budsjett-innst. S. nr. 1 (1996-97)
✓ 6 ✗ 24

A. Endring i Stortingets skattevedtak av 2. november 1995 om fastsettelse av den kommunale og fylkeskommunale inntektsskattøren for inntekstsåret 1996, B. Endringer i Stortingets vedtak av 2. november 1995 om fellesskatt til Skattefordelingsfondet for inntektsåret 1996, C. Stortingets skattevedtak for inntektsåret 1997 (kap. 5501 og 5507), D. Fastsettelse av den kommunale og fylkeskommunale inntektsskattøren for inntektsåret 1997, E. Fastsettelse av avgifter m.v. til folketrygden for 1997 (kap. 5799) og F. Produktavgift til folketrygden for fiskeri-, hval- og selfangstnæringen for 1997

1996-97 Behandlet Finanskomiteen 5 voteringer
Proposisjon St.prp. nr. 50, innst. S. nr. 251 for 1995-96

Olje- og gassvirksomheten, utbygging og drift av Åsgardfeltet samt disponering av innretningene på Odinfeltet

1995-96 Behandlet Energi- og miljøkomiteen
2026
I kraft: 01. January 2026

Delt ikraftsetting av lov 25. april 2025 nr. 12 om innkreving av statlige krav mv. (innkrevingsloven)

Kunngjøring: forskrift/2025-06-10-967
2021
I kraft: 01. January 2021

Delt ikraftsetting av lov 20. desember 2019 nr. 84 om endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover

Kunngjøring: forskrift/2020-12-18-2860
2020
I kraft: 18. December 2020

Lov om endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover

Kunngjøring: lov/2020-12-18-138
I kraft: 01. January 2020

Lov om endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover

Kunngjøring: lov/2019-12-20-84
2017
I kraft: 01. January 2017

Ikraftsetting av lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven)

Kunngjøring: forskrift/2016-05-27-531
2016
I kraft: 17. June 2016

Lov om endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (økt minste pensjonsnivå til enslige alderspensjonister og andre endringer)

Kunngjøring: lov/2016-06-17-25
2015
I kraft: 18. December 2015

Lov om endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover (økning i grunnpensjon til gifte og samboende pensjonister og andre endringer)

Kunngjøring: lov/2015-12-18-103
I kraft: 01. January 2015

Delt ikraftsetting av lov 20. juni 2014 nr. 24 om endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for offentlig tjenestepensjon)

Kunngjøring: forskrift/2014-06-20-799
2014
I kraft: 19. December 2014

Lov om endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover

Kunngjøring: lov/2014-12-19-74
I kraft: 20. June 2014

Lov om endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for offentlig tjenestepensjon)

Kunngjøring: lov/2014-06-20-24
2010
I kraft: 17. December 2010

Lov om endringer i lov om pensjonstrygd for sjømenn, lov om pensjonstrygd for fiskere og i enkelte andre lover (tilpasninger til endret alderspensjon i folketrygden)

Kunngjøring: lov/2010-12-17-77
I kraft: 25. June 2010

Lov om endringar i lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

Kunngjøring: lov/2010-06-25-30
2009
I kraft: 19. June 2009

Lov om endring i lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (økning av stønadssatsene)

Kunngjøring: lov/2009-06-19-40
2008
I kraft: 12. December 2008

Lov om endringer i folketrygdloven og lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Kunngjøring: lov/2008-12-12-83
2007
I kraft: 01. January 2007

Lov om endringer i folketrygdloven og i enkelte andre lover.

Kunngjøring: lov/2006-12-22-94
2005
I kraft: 16. December 2005

Lov om endringer i folketrygdloven og i enkelte andre lover.

Kunngjøring: lov/2005-12-16-118
Ukjent
I kraft: Ikke fastsatt

Lov om innkreving av statlige krav mv. (innkrevingsloven)

Kunngjøring: lov/2025-04-25-12
I kraft: Ikke fastsatt

Lov om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven)

Kunngjøring: lov/2016-05-27-14
I kraft: Ikke fastsatt

Lov om arbeids- og velferdsforvaltningen (arbeids- og velferdsforvaltningsloven).

Kunngjøring: lov/2006-06-16-20

Stortingsvoteringer knyttet til denne loven. Se hvordan partiene stemte.

Vedtatt 20.06.2025
✓ 0 ✗ 0

Romertallene I - VII.

Endringar på statsbudsjettet for 1996 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet
Forkastet 18.06.2025
✓ 12 ✗ 90

Forslag nr. 4 - 6 på vegne av FrP.

Samordning av Kommunal- og arbeidsdepartementets bostøtteordning og Sosial- og helsedepartementets botilskuddsordning Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 29 ✗ 72

Forslag nr. 1 og 3 på vegne av Sp og FrP.

Samordning av Kommunal- og arbeidsdepartementets bostøtteordning og Sosial- og helsedepartementets botilskuddsordning Fraværende: 68
Vedtatt 18.06.2025
✓ 52 ✗ 50

Forslag nr. 2 på vegne av Sp og FrP.

Samordning av Kommunal- og arbeidsdepartementets bostøtteordning og Sosial- og helsedepartementets botilskuddsordning Fraværende: 67
Vedtatt 18.06.2025
✓ 0 ✗ 0

Romertallene I og II.

Samordning av Kommunal- og arbeidsdepartementets bostøtteordning og Sosial- og helsedepartementets botilskuddsordning
Forkastet 18.06.2025
✓ 7 ✗ 93

Forslag nr. 52 på vegne av MDG.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 69
Forkastet 18.06.2025
✓ 8 ✗ 90

Forslag nr. 51 på vegne av R og MDG.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 71
Forkastet 18.06.2025
✓ 11 ✗ 91

Forslag nr. 50 på vegne av SV og MDG.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 13 ✗ 89

Forslag nr. 49 på vegne av SV og R.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 15 ✗ 87

Forslag nr. 47 på vegne av SV, V og MDG.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 20 ✗ 82

Forslag nr. 48 på vegne av SV, V og MDG.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 15 ✗ 87

Forslag nr. 44 - 46 på vegne av SV, R og MDG.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 20 ✗ 82

Forslag nr. 36 - 43 på vegne av SV, R, V og MDG.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 34 ✗ 68

Forslag nr. 53 på vegne av H.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 24 ✗ 78

Forslag nr. 35 på vegne av H og MDG.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 27 ✗ 75

Forslag nr. 31 - 34 på vegne av H og V.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 28 ✗ 74

Forslag nr. 25 og 27 - 30 på vegne av H, V og MDG.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 34 ✗ 68

Forslag nr. 26 på vegne av H, V og MDG.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 34 ✗ 68

Forslag nr. 24 på vegne av Sp, SV og R.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 67
Forkastet 18.06.2025
✓ 34 ✗ 67

Forslag nr. 23 på vegne av H og FrP.

Endringer i bevilgninger under folketrygden i statsbudsjettet for 1996 Fraværende: 68